Det er usikkert om tilgjengelege språkmodeller tek omsyn til norsk språk, kultur og praksis i helse- omsorgssektoren i tilstrekkeleg grad. Språkmodellar i sektoren må vere trena på tilstrekkelege norskspråklege treningsdata til bruksføremålet.
I tildelingsbrev frå helse- og omsorgsdepartementet står det at Helsedirektoratet skal "identifisere tiltak for å sikre at helse- og omsorgstjenesten har tilgang på språkmodell(er) som er tilpasset norske forhold."
Moglege tiltak:
- analysere ev. behov for nasjonal helsefagleg språkmodell på bakgrunn av resultat frå pågåande utviklingsprosjekt som t.d. Klinisk NorBERT, NorwAI og NORA.
- følgje med og delta i nasjonale prosjekt som utviklar store norske språkmodellar som kan nyttast i helse- og omsorgssektoren
- analysere kor føremålstenlege dei ulike utviklingsstega er for tilpassing av språkmodell til ulike bruksføremål i helse- og omsorgssektoren
- analysere moglege forvaltningsregime for ev. ein eller fleire nasjonale helsefaglege språkmodellar
- vurdere kva slags norske helsefaglege treningsdata som er relevante og i kva grad dei er tilgjengelege for utvikling, trening og finjustering av språkmodellar, inkludert opphavsrett og personvern
- vurdere behovet for og mogleg organisering av ein nasjonal infrastruktur for å tilgjengeleggjere norske treningsdata