Dette kunnskapsgrunnlaget har gitt et augeblinksbilete av språkteknologilandskapet på helsefeltet i Noreg pr. mars 2024. Det er forventa store og raske teknologiske endringar i den nærmaste framtida, og det opnar for både moglegheiter, men også for risikoar og utfordringar som må løysast.
Nasjonal helse- og samhandlingsplanen for 2024-2027 (NHSaP 2024-2027) slår fast at det er eit stort potensial for å etablere ei meir føremålstenleg oppgåvedeling og god organisering av arbeidsprosessar i vår felles helseteneste. Vidare peiker planen på at det er eit behov for kontinuerleg vurdering om oppgåver kan løysast på heilt andre og personellsparande måtar, t.d. ved bruk av kunstig intelligens, ved å automatisere arbeidsoppgåver og endre arbeidsprosessar som tidlegare blei gjort manuelt. Regjeringa forventar at kunstig intelligens og annan personellsparande teknologi vil kunne bidra til at vi kan oppretthalde kvaliteten i tenesta i åra framover og reduserer ventetidene på dei stadene der KI allereie er tatt i bruk i dag. [52]
Store språkmodellar og generativ KI er delar av KI-feltet som nettopp blir sett på som personellsparande teknologi. Samstundes er bruken av KI i helse- og omsorgstenester heilt i startgropa. Det blir viktig å vinne erfaringar og det står att fleire utfordringar som må løysast med bruk av KI. For å ta ut dei moglege gevinstane som dei store språkmodellane gir og for å møte utfordingane og den teknologiske endringa på området, skisserer vi nokre moglege tiltak nedanfor. Konkretisering og prioritering av tiltaka vil gjerast i arbeidet med felles KI-plan for helse- og omsorgstenesta.[53]
[52] Meld. St. 7 (2019–2020). Nasjonal helse- og sykehusplan 2020–2023. Helse- og omsorgsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-7-20192020/id2678667
[53] TB2024-34: Kunstig intelligens i helse- og omsorgstjenesten: https://www.regjeringen.no/contentassets/d8f63d7d01d64def982cb7c8ce1eeb64/tildelingsbrev-til-helsedirektoratet-for-2024.pdf