Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Kapittel 5.4Styrke kapasitet og kompetanse

Det er mangel på tilstrekkeleg kompetanse om bruk, utvikling og finjustering av språkmodellar i helse- og omsorgssektoren.

Kompetansen bør difor styrkast både internt i Helsedirektoratet og i heile helse- og omsorgssektoren. Framtidige strategiske avgjerder vil i større grad vere knytt til digital transformasjon og teknologisk utvikling. Difor er det viktig med grunnleggjande kompetanse også blant leiarar knytt til risikoar og gevinstar ved å bruke språkmodellar i helse- og omsorgstenesta.

Moglege tiltak:

  • initiere eit fagråd eller nettverk med ekspertar i språkmodellar og helsefag frå helse- og omsorgssektoren og universitets- og høgskulesektoren
  • innhente erfaringar frå nordiske og andre land
  • arrangere seminarserie om temaet saman med sektor
  • arrangere internt arbeidsseminar (workshop) i Helsedirektoratet
  • identifisere tiltak for å styrke leiarkompetanse i sektoren
  • løfte fram viktige føregangsprosjekt ved hjelp av ein årleg KI-pris for sektoren
  • teste ut helsefagleg rettleiing (til dømes RAG) på eit klinisk bruksområde for å skaffe kunnskap om utvikling og bruk av språkmodeller og synleggjere potensielle bruksområde
  • basert på erfaringar: utarbeide rettleiingar for finjustering, RAG og andre sider ved utvikling av språkmodellar for sektor
  • utvikle og forvalte ei dynamisk oversikt på ei nettside over språkmodell-initiativ i sektoren i Noreg

Siste faglige endring: 06. mai 2024