Bruk av språkmodellar på helseområdet er eit relativt umodent område. Forventingane er store, men det står att erfaringar og utprøvingar, og det manglar betre tilpassa språkmodellar og kompetanse om bruk.
Samtalerobotar som brukar store språkmodellar har både styrker og veikskapar, som blir peikt på i denne artikkelen:
The application of greatest potential and concern is the use of chatbots to make diagnoses or recommend treatment. A user without clinical experience could have trouble differentiating fact from fiction".[30]
Forfattarane konkluderer likevel med at samtalerobotar vil bli viktige verktøy i medisinsk praksis:
Like any good tool, they can help us do our job better, but if not used properly, they have the potential to do damage. Since the tools are new and hard to test with the use of the traditional methods noted above, the medical community will be learning how to use them, but learn we must. There is no question that the chatbots will also learn from their users. Thus, we anticipate a period of adaptation by both the user and the tool.
Vi kan likevel allereie no sjå konturane av kva slags område språkmodellar kan vere nyttige, frå å effektivisere tekstoppgåver til hjelp i det kliniske arbeidet.
Kjeldene peiker på fleire bruksområde som kan effektivisere eksisterande oppgåver eller bidra til nye og betre arbeidsprosessar og dimed heve kvaliteten på helsetenester. Brukt i administrative oppgåver kan KI frigjere tid som kan nyttast til pasientbehandling. I tillegg kan kunstig intelligens vere ein viktig ressurs i behandlinga. Samstundes meiner vi det er viktig å sjå på kunstig intelligens som ein partnar og støtte, og ikkje ei erstatning for helsepersonell og mellommenneskeleg kontakt. Bruk av KI er også avhengig av godkjenningar på same nivå som annan teknologi i helsetenesta.
Under følgjer ein gjennomgang som baserer seg på intervju og litteratur. Gjennomgangen er ikkje komplett, og dei ulike bruksområda syner ulik grad av modenskap. Til dømes er tekstproduserande bruksområde frå generative språkmodellar meir usikre på grunn av faren for hallusinasjonar. Bruksområda som er nemnde her, er ikkje ei endeleg vurdering av kva område og KI-løysingar som bør takast i bruk, og rapporten må ikkje sjåast på som ei vurdering av forsvarlegheit, tilråding eller godkjenning av Helsedirektoratet. Det er også mogleg at fleire av bruksområda kan løysast av vidareutvikling av regelstyrt maskinlæring i staden for KI.[31]
[31] Roboten Nora Nord har effektivisert arbeidet med å automatisere manuelle rutiner, t.d. hente data frå ulike kjelder til helsepersonell, sende ut epikriser og så bortetter ved Nordlandssjukehuset