Det er framleis usikkert kva bruksområde som gjev høgast gevinst i helsetenesta. Nokre bruksområde er lovande, men treng meir utprøving og analyser. Analysane kan dreie seg om arkitektur og tekniske behov, kostnadar og gevinstar, risikoar, hindringar og forvaltning. Det er særskilt viktig å starte med lågthengande frukter.
Moglege tiltak:
- følgje med på nasjonale, nordiske og internasjonale initiativ og spreie kunnskap og erfaringar
- løfte fram lovande norske initiativ og leggje til rette for nasjonal bruk
- vurdere å starte med lågthengande frukter
- vere pådrivar for at nye, store forskingssenter også omhandlar KI i helse- og omsorgstenesta
- vurdere å etablere ei finansieringsordning for dei mest lovande bruksområda