Det nasjonale koordineringsprosjektet «Bedre bruk av kunstig intelligens» (koordineringsprosjektet for KI) starta opp i siste halvdel av 2019 som ein del av arbeidet med nasjonal helse- og sjukehusplan (NHSP 2019-2023). I prosjektet samarbeidde Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse, Statens legemiddelverk, dei regionale helseføretaka, Kommunesektorens organisasjon (KS), Helsetilsynet og Folkehelseinstituttet. Kompetansenettverket Kunstig intelligens i norsk helseteneste (KIN) har vore observatør. Helsedirektoratet har leia arbeidet. Arbeidet blir vidareført i 2024 gjennom eit nytt prosjektet som skal leggje til rette for trygg innføring av KI i helse- og omsorgstenesta. Denne rapporten om store språkmodellar i helse- og omsorgstenesta er ein leveranse frå disse prosjekta.
Rapporten er eit kunnskapsgrunnlag som har som mål å gje eit augeblinksbilete over landskapet for store språkmodellar på helsefeltet i Noreg pr. mars 2024. Det blir forventa at nokre område vil utvikle seg raskt dei komande åra, og det er vanskeleg å fange opp alle aktivitetar. Biletet vil derfor ikkje være komplett. Rapporten skal nyttast av Helsedirektoratet i det vidare arbeidet på KI-området, spesielt i arbeidet med felles KI-plan.[1]
Bakgrunn
Rapporten «Tilgang til data til kunstig intelligens i helse- og omsorgstjenesten» peikar på at løysingar som kan bidra til kategorisering, klassifisering og strukturering av data på ein enklare måte for helsepersonell, vil kunne gje betre data til KI og redusere meirbelastinga på klinisk personell. KI kan også nyttast til struktureringsarbeidet.[2] Koordineringsprosjektet tilrådde at Direktoratet for e-helse utarbeider eit kunnskapsgrunnlag som summerer opp metodar og verktøy som kan strukturere helseinformasjon på ein føremålstenleg måte. Det skulle blant anna gjerast greie for bruk av naturleg språkprosessering for å effektivisere arbeidet med datafangst, klassifisering og koding, og forenkle søk ved datauttrekk.
I løpet av hausten 2022 fekk store (språk)modellar og generative modellar stor utbreiing. Spesielt gjeld dette KI-verktøy som behandlar tekst, som samtalerobotar (chatbot). Språkmodellar har vist seg å gi oppsiktsvekkjande gode svar på spørsmål. Ein måte å illustrere forbetringane av tolking av tekstar og kor rask utviklinga har vore, er å sjå på korleis språkmodellar svarar på eksamensspørsmål for medisinstudentar. I november 2022 svarte den beste språkmodellen DRAGON berre 47,5 prosent rett. I mars 2023 oppnådde Med-PALM-2 frå Google DeepMind korrekt svarprosent på 86.5 prosent. Den ville bestått medisineksamen med god margin.
Utviklinga av store språkmodellar og generative modellar har styrkt moglegheita for at KI-verktøy kan nyttast for fleire område i helse- og omsorgstenesta. Det er mogleg at fleire manuelle oppgåver med tekst i helsetenesta kan effektiviserast, som til dømes å sjekke at kode og journalnotat stemmer, foreslå kodar, summere opp journalnotat og lage utkast til epikrise. Samstundes føreset det grundige vurderingar av t.d. risikoar som brot på personvern, hallusinasjonar (oppdikta innhald) og bias, mangel på transparens og så bortetter.
Koordineringsprosjektet for KI oversende eit notat til Helse- og omsorgsdepartementet 2. juni 2023 som skildra oppgåver der KI har eit forventa potensial som personellsparande teknologi i løpet av den neste fireårsperioden. Eit av områda var å effektivisere skriveoppgåver.[3]
Bruk av store språkmodellar i helse- og omsorgstenesta vil likevel ha som føresetnad at språkmodellane og/eller applikasjonane som blir nytta, er godt tilpassa språkbruken og kulturen i den norske helsetenesta.
Det finst fleire sentrale initiativ knytt til språkmodellar i helse- og omsorgssektoren i Noreg. Innsikt i desse har vore viktige i dette kunnskapsgrunnlaget:
- Nasjonalt senter for e-helseforsking, DIPS, Universitetssjukehuset i Nord-Noreg: ClinCode-prosjektet
- Helse vest IKT, saman med DIPS: Klinisk NorBERT
- Helsearkivet
- Helsedirektoratet
- Sørlandet sjukehus (no avslutta)
- Universitetet i Agder
Denne rapporten skal gje eit innblikk i kva språkmodellar er og ulike måtar å utvikle og finjustere dei på. Dokumentet skal også vurdere potensielle bruksområde for språkmodellar i helsetenesta, og gje ein kort status over aktuelt arbeid med språkmodellar i helsetenesta i Noreg. Kunnskapsgrunnlaget skal også skissere hindringar og risikoar ved utvikling, finjustering, bruk og forvalting av språkmodellar i tillegg til å peike på framtidige vegval og moglege tiltak på området.
[1] TB2024-34: Kunstig intelligens i helse- og omsorgstjenesten: https://www.regjeringen.no/contentassets/d8f63d7d01d64def982cb7c8ce1eeb64/tildelingsbrev-til-helsedirektoratet-for-2024.pdf
[2] https://www.ehelse.no/publikasjoner/tilgang-til-data-til-kunstig-intelligens-i-helse-og-omsorgstjenesten
[3] Notatet er internt, men beskrivinga av dei moglege arbeidsoppgåvene finst i kapittel 3: https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/status-og-forslag-til-videre-arbeid-med-kunstig-intelligens-ki-i-helse-og-omsorgstjenesten