Det har blitt forska på bruk av språkmodellar for å raskt og effektiv sortere alvorsgrada av skadar og sjukdom hos pasientar, t.d. hos lækjarvakta. Teknologien kan vurdere om pasienten treng akutt hjelp eller ikkje.[40] Til dømes er verktøyet TriageGO utvikla for slik bruk blant sjukepleiarar i USA. Verktøyet nyttar KI for å analysere ulike data (t.d. vitale teikn, kliniske funn, diagnosar og anamnese) for å triagere pasientar med grunngjeving.
Andre automatiske sorteringsfunksjonar kan vere knytt til tilvisingar: Teknologien kan fordele pasientar til rett lege automatisk basert på analyser av tilvisingsbrev.[41]