Forsking peiker på at språkmodellar kan nyttast til ulike former for prediksjon, t.d. risikoprediksjon og mortalitetsprediksjon. Forsking har sett på korleis språkmodellar kan nyttast til å føreseie til dømes lengde på innlegging, risiko for gjeninnlegging (innan 30 dagar etter utskriving) og risiko for dødsfall under sjukehusinnlegging.[38]
Eit mogleg døme er bruk av språkmodellar til analysar av samtalar i psykoterapi. Høg grad av dropout og manglande gjennomføring av terapiane er ei utfordring i behandlinga. Ein språkmodell kan analysere og identifisere markørar i samtalen som indikerer om det er høg risiko for at pasient kjem til å forlate behandling. Denne kunnskapen kan gjere det mogleg å kjenne att når det er fare for dropout og intervenere på føremålstenleg måte.[39]
[39] Frostad, Stein. E-post 05.04.2024