Kunnskapsstøtte er IT-verktøy som kan gje helsepersonell tilgang til forskingsbasert kunnskap i arbeidskvardagen. Ei utfordring for helsepersonell er å orientere seg i den store mengda fagartiklar og andre forskingsbaserte publikasjonar. Språkmodellar kan bidra til kunnskapsstøtte for klinikarar slik at dei kan hente oppdatert informasjon frå ei eller mange kjelder, prosessere han og lage ei oppsummering.
Dette gjeld ikkje minst fag- og forskingsartiklar, som blir publisert i høgt tempo internasjonalt. Språkmodellar kan vere eit verkemiddel for å halde seg fagleg oppdatert på forskingsfronten innan ulike helsefag. Folkehelseinstituttet (FHI) har synt til mogleg stor tidssparing ved å bruke KI til kunnskapsoppsummeringar.