Språkmodellar kan danne grunnlaget for å utvikle avgjerdsstøtteverktøy (beslutningsstøtteverktøy) for å vurdere alternative behandlingsmetodar.
Det blir peikt på moglegheiter for støtte i form av automatisk oppslag i metodebøker, retningslinjer og liknande ressursar. Beskrivingar av symptom og diagnose hos den einskilde pasienten kan ved hjelp av språkmodellar gje helsepersonell rask og god tilgang til behandlingsforslag.
Språkmodellar kan gjere det lettare å oppdage allergiar og andre tilstandar i journaltekstar, slik at ein kan unngå allergiske reaksjonar i pasientbehandlinga. Dette har tidlegare blitt testa ut med hell ved Sørlandet sjukehus (Informasjonssystem for klinisk konseptbasert søk (IKKS-prosjektet)).
I Danmark er det utvikla ein språkmodell (Den Intelligente Patientjournal) som raskare finne kritisk informasjon i pasientjournalar, t.d. tidlegare blødingsepisodar som kan gje risiko for ny bløding.[34]
Ei form for avgjerdsstøtte der det har blitt forska på bruk av språkmodellar, er forslag til differensialdiagnosar[35]. Differensialdiagnostikk er det å vurdere kva for ein av fleire moglege sjukdomar som ligg føre, ved å samanlikne symptom, sjukdomshistorie, funn ved undersøking av pasienten, laboratorieverdiar og i mange tilfelle også røntgenfunn.[36] Gjennom analysar av kliniske funn, symptom og sjukdomshistorie kan språkmodellar hjelpe helsepersonell med å liste opp moglege sjukdomar hos pasienten.[37] Dette bruksområde må framleis reknast som nokså umodent.