Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Kapittel 3.2Maskinassistert helsefagleg koding

Helsepersonell er pålagt å setje helsefaglege kodar i journalsystemet, t.d. ein diagnosekode for ein pasient eller ein utført prosedyre. Denne koden er henta frå ein klassifikasjon, t.d. diagnosekodar frå ICD-10 eller ICPC-2 og prosedyrekodar frå Norsk prosedyrekodeverk, og kodinga dannar grunnlaget for rapportering til statistikk og finansiering. I tillegg blir terminologien SNOMED CT brukt i delar av helse- og omsorgssektoren for dokumentasjon og samhandling.

Det blir forska på korleis språkmodellar kan kome med automatiske forslag til helsefaglege kodar. Prosjektet ClinCode ved Nasjonalt senter for e-helseforsking er eit døme på det. I prosjektet blir det forska på korleis fritekst og strukturert tekst kan bli analysert ved hjelp av ein språkmodell for å generere ein ICD-10 kode.[32]

Den same teknologien kan også nyttast til å retrospektivt analysere og kvalitetssikre ein kode som helsepersonell allereie har sett.[33]

Maskinassistert helsefagleg koding kan bidra til å lette klinisk byrde for helsepersonell.

Siste faglige endring: 06. mai 2024