Det er behov for å strukturere pasientinformasjon for dokumentasjon, samhandling og gjenbruk i pasientforløpet eller til sekundærbruk (statistikk, finansiering, innrapportering, analysar og maskinlæring). Mykje av pasientinformasjonen finst i fritekst, men kan potensielt strukturerast ved hjelp av språkmodellar. Til dømes kan beskrivingar av kliniske symptom hos pasienten ved hjelp av eit standardisert språk brukast om att på tvers av ulike helseinstitusjonar og spesialitetar (semantisk samhandling). Helsepersonell kan difor raskt hente informasjon som er registrert tidlegare i pasientforløpet. Minst like viktig er bruk av strukturert pasientinformasjon til sekundærbruk som t.d. rapportering til ulike helsefaglege kvalitetsregister og til maskinlæring.
Helsearkivregisteret arbeider med å strukturere fritekst av historiske pasientjournalar ved hjelp av KI og språkmodellar. Slik strukturering gjer det mogleg med semantiske søk for forsking.