Radiologiske rapportar er utforma av spesialistar og inneheld difor fagspråk som kan vere vanskeleg å forstå både for pasientar og anna helsepersonell enn radiologar, som til dømes allmennlegar. Språkmodellar kan nyttast til å omforme tekst og tilpasse han til ulike målgrupper.
Mohn-senteret for medisinsk biletdiagnostikk og visualisering (MMIV) i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet er i startgropa med eit prosjekt som skal prøve ut og evaluere om store språkmodellar kan brukast til å "omsette" spesialisert fagspråk til meir forståeleg språk, ev. til andre språk. Prosjektet vil i første omgang teste språkmodellar på radiologirapportar, men språkmodellar vil truleg også kunne «omsetje» andre rapportar utarbeida av helsepersonell, t.d. epikrisar og labsvar til eit meir forståeleg språk for pasientar og evt. allmennlegar.
I pasient- og brukarrettslova står det i § 3-5 at informasjon frå helse- og omsorgssektoren skal "… være tilpasset mottakerens individuelle forutsetninger, som alder, modenhet, erfaring og kultur- og språkbakgrunn". Prosjektet kan difor bidra til å oppfylle dette lovpålagde ansvaret.