Generative språkmodellar kan fungere som ein samtalerobot som gjev svar på spørsmål som innbyggjarar måtte ha om symptom, sjukdomar, behandling, førebygging, medisinar og så bortetter. Truleg blir eksisterande generative språkmodellar som t.d. ChatGPT nytta til slikt allereie.
I utvikling av innbyggjarretta samtalerobotar er det viktig at modellen blir brukstilpassa (alignment) slik at han er i stand til å ha ein god dialog med menneske.
Helsedirektoratet ønskjer å utforske om generativ KI kan brukast til å gjere informasjon frå helsevesenet meir tilpassa og forståeleg for forskjellige brukargrupper, blant anna barn og unge.[45] Prosjektet undersøker korleis m.a. ungdom skal få betre svar på spørsmål ved å forankre ein språkmodell på utvalde relevante tekstar og kunnskapskjelder (grounding).
Tiltaket Enklare tilgang til informasjon (ETI), som høyrer til porteføljen Alvorleg sjukt barn, har som mål å utvikle ein informasjonsassistent som legg til rette for innsamling og presentasjon av relevant informasjon frå eit stort antal offentlege kjelder.[46] Her blir språkmodellar brukt til både å førehandsgenerere spørsmål og svar og å utvikle ein interaktiv samtalerobot.