Taleteknologi har eksistert lenge, t.d. i tale-til-tekst i helsesektoren. Med språkmodellar har nye verktøy som t.d. Whisper[47] heva kvaliteten på slik språkteknologi. Nasjonalbiblioteket har gjort ein norsk versjon av Whisper, som er trena på transkribert norsk tale, tilgjengeleg. Godt fungerande taleattkjenning basert på språkmodellar kan redusere arbeidsbyrda for helsepersonell ved at tale gjennom ein diktafon blir transkribert og lagra rett stad i journalen. Bruk av språkmodellar gjer det også mogleg å automatisk generere samandrag av den innlesne informasjonen (sjå 4.7).