Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Strategi for persontilpassa medisin i helsetenesta 2023-2030

Regjeringa sin visjon er at persontilpassa medisin skal vere ein integrert del av førebygging, diagnostikk, behandling og oppfølging i helsetenesta, med mål om betre helse og meistring gjennom livet.

Strategi for persontilpassa medisin

Regjeringa sin visjon er at persontilpassa medisin er ein integrert del av førebygging, diagnostikk, behandling og oppfølging i helsetenesta, med mål om betre helse og meistring gjennom livet. Målet er at persontilpassa medisin skal bli ein naturleg del av tenesteutviklinga. 

Regjeringa presenterte strategien (regjeringen.no) i januar 2023. Strategien bygger på Helsedirektoratet sin nasjonale strategi for persontilpassa medisin for perioden 2017 til 2021 (pdf), og oppfølginga av denne strategien.

Regjeringa har sett opp tre målområde som skal bidra til å realisere visjonen til strategien, og vil iverksette ei rekke tiltak. Departementet har peika ut aktørar som skal ha eit hovudansvar for å følgje opp tiltaka. Helsedirektoratet har fått i oppdrag å koordinere aktørane gjennom Fagrådet for persontilpassa medisin.

Helsedirektoratet si rolle og oppdrag

Helsedirektoratet har eit særleg ansvar for å følgje opp fagfeltet og strategien frå regjeringa, mellom anna å koordinere aktørane.

Helsedirektoratet har ei rekke oppdrag på området, som 

  • Ansvar for koordinering av aktørane og følge med på utvikling
  • Ansvar for å følgje opp tiltak i strategien
  • Normerande rolle på området

Målområde 1: Likeverdig tilgang

Målområde 1 er "likeverdig tilgang til persontilpassa medisin der pasientbehandling, systematisk kunnskapsbygging og forsking er integrert".

Innføring av persontilpassa medisin skal vere kunnskapsbasert. Dette krev gode overgangar og samanhengar mellom forsking, diagnostikk og pasientbehandling i alle delar av helsetenesta. Systematisk kunnskapsbygging gjennom praksis og analyser av data frå klinisk praksis, observasjonsstudiar eller registerdata kan bidra til å styrke dokumentasjonsgrunnlaget både om effekt og helseøkonomi. Ein samanhengande forsking - og innovasjonsinnsats, frå grunnforsking til anvendt klinisk forsking, i samarbeid mellom fag- og forskingsmiljø i helse- og omsorgstenesta, universitets- og høgskulesektoren og næringslivet, legg grunnlaget for framtidig utvikling. 
 
Strategien set opp ei rekke tiltak på ulike områder, mellom anna krav til utforming av søknadar om kliniske studiar innan persontilpassa medisin og vidare utvikling og effektivisering av prosessar for av innføring av nye metodar i helsetenesta. 

Målområde 2: Relevant kompetanse

Målområde 2 er "ei helseteneste som har relevant kompetanse til å møte den enkelte sine behov for persontilpassa førebygging, diagnostikk, behandling og oppfølging".

Persontilpassa medisin er eit høgteknologisk og spesialisert fagområde der utviklinga skjer raskt. Målet om ei kompetent og kunnskapsbasert helse- og omsorgsteneste avdekker behov for relevant fag- og teknologikompetanse både hos helsepersonell og anna personell i alle delar av tenestene som arbeider med persontilpassa medisin. Kunnskap får ein gjennom forsking, erfaring og praksis. Samarbeid på tvers av profesjonar og faggrupper, og samarbeid mellom helseføretak og andre sektorar er sentralt. Persontilpassa medisin fører med seg nye behov for kompetanse og informasjon, både hos helsepersonell og i befolkninga. 

Strategien inneheld ei rekke tiltak som skal bidra til betre kompetanse om persontilpassa medisin, både hos folk flest og hos helsepersonell. 

Målområde 3:  Håndtering av storskala helsedata

Målområde 3 er "effektiv og sikker bruk, analyse, deling og lagring av storskala helsedata som inngår i persontilpassa medisin for helsehjelp, tenesteutvikling og forsking innanfor rammene av den enkelte sin integritet og personvern". 

Utvikling og implementering av persontilpassa medisin inneber at ein må samle inn store datamengder. Ein må kunne bruke, analysere, dele og lagre nye typar helsedata, og bruk av storskalaanalysar vil auke. Norge har gode biobankar og helseregistre, og universitets- og høgskulesektoren har erfaringar med behandling av stordata som ein kan utvikle videre inn mot helsetenestene. Det offentlege investerer mykje ressursar i å byggje opp infrastruktur for å generere, lagre, behandle og bruke stordata. Vi har likevel ikkje råd til å duplisere kapasiteten og kompetansen som ein finn i universitets- og høgskulesektoren eller i andre delar av offentleg sektor. Derfor må sektorane samarbeide om investeringsplanar, kompetansebygging og bruk. Ei føresetnad for slikt samarbeid om infrastruktur er at rammene er klare. Dette gjeld både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Effektiv innføring av relevante IKT-verktøy krev også nasjonal harmonisering av korleis regelverket blir praktisert. Sikker lagring og behandling av helseopplysningar er ein føresetnad for å ta hand om personvern, og sikre at folk har tillit til helsetenesta og til forsking innanfor persontilpassa medisin. 

Eitt av tiltaka under dette målområdet er å etablere eit nasjonalt genomsenter for lagring av genetiske data. 

Først publisert: 12.10.2023 Siste faglige endring: 12.10.2023 Se tidligere versjoner