Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Fagråd for persontilpassa medisin

Fagråd for persontilpassa medisin skal sikre samordna og koordinert oppfølging og implementering av persontilpassa medisin i helsetenesta. Helsedirektoratet leier fagrådet.

Om fagrådet

Overordna koordinerande ansvar

Helsedirektoratet har eit overordna koordinerande ansvar for oppfølging av strategi for persontilpasset medisin 2023–2030 (regjeringen.no PDF). Strategien byggjer på Nasjonal strategi for persontilpassa medisin i helsetenesta 2017–2021, men har eit breiare perspektiv. Strategien har mellom anna ei rekke tiltak som er retta mot dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Fagrådet blei oppretta i 2019 for å koordinere oppfølging av den nasjonale strategien for persontilpassa medisin 2017–2021. Rådet vil bli utvikla vidare for å følgje opp den nye strategien.

Vidareutvikling av fagrådet

Helsedirektoratet har fått eit særskild ansvar for å følgje opp den nye strategien. Det handlar spesielt om koordinering av aktørane og oppfølgingsarbeid gjennom leiing av og vertskap for fagrådet. Som følgje av at denne strategien har eit breiare perspektiv, er det relevant at Helsedirektoratet ser på fagrådet si samansetning og mandat. Dette arbeidet pågår.

Formålet med noverande fagråd

Formål og oppgåver for Fagrådet:

  • Fagrådet skal ha ei pådrivarrolle og bidra til å sikre samordna og koordinert oppfølging og implementering av Strategi for persontilpasset medisin 2023-2030.  
  • Fagrådet skal bidra til å sikre at utvikling og implementering av persontilpasset medisin i helsetjenesten skjer på ein heilskapleg måte.  
  • Fagrådet kan gje faglege innspel knytt til oppfølging av strategien, både til departementet og andre aktørar. 

Representantar

Fagrådets medlemmer representerer sentrale aktører som ivaretar fagroller og oppgaver med relevans for strategiens målområder. Hilde Myhren leier fagrådet. Ho er direktør for divisjon for spesialisthelsetjenester og internasjonalt samarbeid i Helsedirektoratet.

  • Helsedirektoratet v/Hilde Myhren (leiar) og Grethe Foss
  • Abelia v/Stephen McAdam
  • Datatilsynet v/Susanne Lie
  • Dei regionale helseføretaka v/Hege Russnes (Helse Sør-Øst), Lars Eikvar (Helse Sør-Øst), Dag Henrik Reikvam (Helse Sør-Øst), Gunnar Douzgos Houge (Helse Vest), Hans-Johnny Schjelderup-Nilsen (Helse Midt-Norge) og Rune Sundset (Helse Nord) 
  • Direktoratet for medisinske produkter v/Anne-Berit Erdal
  • Folkehelseinstituttet v/Gun Peggy Knudsen
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon v/Lilly Ann Elvestad
  • Kommunesektorens interesseorganisasjon (KS) v/Mari Trommald 
  • Kreftforeningen v/Ole Alexander Opdalshei
  • Kreftregisteret v/Giske Ursin
  • Legemiddelindustrien v/Ina Dahlsveen
  • Norges forskningsråd v/Ole Johan Borge
  • Norsk forening for allmennmedisin v/Henrik Vogt
  • Norsk forening for medisinsk genetikk v/Asbjørg Stray-Pedersen
  • Oslo Cancer Cluster v/Ketil F. Widerberg
  • Universitets- og høgskulesektoren v/Torstein Baade Rø (NTNU)

Kontakt

Først publisert: 25.11.2019 Sist fagleg oppdatert: 28.05.2024 Sjå tidlegare versjonar