Dette viser rapporten Utviklingen i norsk kosthold, Helsedirektoratets årlege statusrapport over forbruket av matvarer i Noreg.
– Eit usunt kosthald er ei av dei viktigaste årsakene til hjarte- og karsjukdom, kreft og diabetes type 2, som er dei sjukdommane som tek flest liv og gode leveår. Vi må ete meir fullkorn, meir grønt og meir fisk. Utviklinga over tid viser det motsette. Det er heilt openbert at det må nye tiltak til på samfunnsnivå for å snu skuta, seier Linda Granlund, divisjonsdirektør i Helsedirektoratet.
For lite grove kornprodukt
Kornforbruket har gått nedover sidan 2000-talet. Frå 2022–2023 har forbruket gått ned med 4 prosent, til det lågaste nivået sidan 90-talet. Ifølgje Ipsos´ Norske Spisefakta har andelen som dagleg et halvgrovt, grovt eller ekstra grovt brød gått nedover. Dei eldre et oftare grovt og ekstra grovt brød enn dei yngre. Berre 9 prosent blant dei mellom 15 og 24 år et grovt brød dagleg. Helsedirektoratets kostråd anbefaler å la grovt brød eller andre fullkornprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.
– Å auke inntaket av fullkorn vil ha stor gevinst for helsa. Sjukdomsbyrdeprosjektet (Global burden of disease), gir mellom anna data om samanhengen mellom kva vi et og risikoen for å utvikle ulike sjukdommar. For Noreg var eit lågt inntak av fullkorn den kosthaldsrelaterte risikofaktoren som bidrog mest til hjarteinfarkt og tjukk- og endetarmskreft i 2021, seier Granlund.
Kjøttet er antakeleg på rett veg, men kvar blir det av fisken?
Ei positiv utvikling finst i tala. Kjøttforbruket går ned. Forbruket av raudt kjøtt har minka med 7 prosent frå 2022 til 2023. Likevel er forbruket framleis høgt. Ifølgje tal frå Ipsos´ Norske Spisefakta blir det framleis ete langt fleire middagar med kjøtt i veka enn fiskemiddagar. Helsedirektoratets kostråd tilrår å velje fisk og sjømat, bønner og linser oftare enn raudt kjøtt.
– Det ser heilt klart ut til at auken i kjøttforbruket har flata ut, noko som er svært gledeleg. Vi håpar på ein vidare nedgang i åra framover. Forbruket av raudt kjøtt har over lang tid vore vesentleg høgare enn fiskeforbruket, og dessverre ser vi at nedgangen i fiskeforbruk held også fram i 2023, seier Granlund.
Sterkare tiltak
Smak og pris er framleis dei to faktorane forbrukarane legg mest vekt på når dei handlar matvarer. 78 prosent oppgir å leggje mest vekt på pris, medan 69 prosent vektlegg smak sterkast. 54 prosent legg mest vekt på at maten er bra for helsa.
– Vi veit godt at pris og tilgjengelegheit er dei viktigaste drivarane når folk handlar. Om den maten som er bra for helsa hadde vore det rimelegaste valet, hadde vi nådd langt. Då hjelper det lite at fisk og sjømat var ei av matvaregruppene med størst auke i konsumprisindeksen sidan 2015, medan kjøtt og sukker hadde mykje lågare auke. Nye tiltak må ta omsyn til folk si lommebok, avsluttar Granlund.
RAPPORT UTVIKLINGEN I NORSK KOSTHOLD 2024
Ifølgje matforsyningsstatistikken har forbruket av raudt kjøtt gått ned i 2023. Det gjeld òg forbruket av fisk, korn, grønsaker, frukt og bær, matpotetar, mjølk og margarin. Forbruket av desse matvaregruppene har òg gått ned samanlikna med 2013. I denne tidsperioden har òg sukkerforbruket gått ned, medan forbruket av kvitt kjøtt, ost, yoghurt og smør har auka.
Nokre hovudresultat:
- KORNFORBRUK OG SAMMALE MJØL. Kornforbruket auka frå 1970 til midten av 2000-talet, men har sidan gått ned. Det gjekk ned med 4 prosent frå 2022 til 2023. Andelen sammale mjøl frå norske møller har auka over tid, frå 17 prosent i 1999 til 27 prosent i 2018, men har sidan gått ned til 23 prosent i 2023.
- GRØNSAKER. I perioden 2013–2023 er forbruket redusert med 5 prosent, og forbruket gjekk òg ned i 2023.
- FRUKT OG BÆR. Dei siste ti åra har forbruket av frukt og bær gått ned med 15 prosent, og det gjekk òg ned i 2023.
- FISK OG SJØMAT. Framleis nedgang. Forbruket av fisk og sjømat har gått ned over tid, og gjekk òg noko ned i 2023. Forbruket har gått ned med 17 prosent sidan 2013.
- KJØTT. Kjøttforbruket går ned. Engrosforbruket av kjøtt auka mykje fram til 2008. Forbruket heldt seg sidan rundt dette nivået fram til 2022, med unntak for pandemiåra då det var høgare. Kjøttforbruket har gått ned med 4 prosent frå 2022 til 2023.
- Dei siste tjue åra har forbruket av raudt kjøtt stort sett halde seg mellom 49 og 51 kilo per person per år, men det gjekk ned med 7 prosent frå 2022 til 2023. Forbruket av kvitt kjøtt er omtrent dobla dei siste tjue åra, men har halde seg mellom 20 og 22 kilo per person per år sidan 2019. Det er lite endring i forbruket frå 2022 til 2023.
- METTA FEITT. Framleis ikkje nedgang for metta feitt. Sidan 2015 har innhaldet av metta feitt lege mellom 14 og 15 energiprosent, og var ca. 15 energiprosent i 2023.
TABELL Matvareforbruk på engrosnivå1. Kilo per person per år
| 2013 | 2022 | 2023* |
Korn, som mjøl (inkl. ris) | 82,5 | 82,9 | 79,7 |
Grønsaker | 76,0 | 76,6 | 71,9 |
Frukt og bær | 90,7 | 82,0 | 77,5 |
Matpotetar | 23,3 | 17,7 | 13,4 |
Potetar til potetprodukt | 25,5 | 30,5 | 29,5 |
Kjøtt totalt | 74,5 | 74,4 | 71,1 |
| 49,2 | 49,0 | 45,8 |
| 20,7 | 21,5 | 21,6 |
Fisk og sjømat (heil ureinsa, rund vekt) | 36,6 | 31,2 | 30,4 |
Egg | 12,6 | 13,3 | 13,2 |
Heilmjølk | 18,3 | 16,6 | 17,0 |
Lettmjølk, skumma mjølk | 77,3 | 59,1 | 57,3 |
Yoghurt | 9,4 | 10,8 | 11,1 |
Fløyte, rømme | 7,5 | 7,5 | 7,4 |
Ost | 17,7 | 18,7 | 19,7 |
Smør | 3,3 | 3,3 | 3,5 |
Margarin | 8,6 | 7,6 | 7,5 |
Sukker | 27,7 | 24,1 | 24,2 |
* Førebelse tal.
1 Grensehandel er ikkje inkludert.
Om rapporten
Utviklingen i norsk kosthold er ein årleg rapport som blir gitt ut av Helsedirektoratet. Rapporten viser utviklinga i kosthaldet over tid, og er basert på årlege tal for matforsyninga i landet til og med 2023. Matforsyningstala er baserte på statistikk over import, eksport, produksjon og omsetning av matvarer. Tala viser matmengdene som står til rådvelde for heile befolkninga på engrosnivå.
Talmaterialet er behandla for Helsedirektoratet av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Avdeling for ernæringsvitskap ved Universitetet i Oslo.