Tilskot blir tildelt etter ei skjønnsvurdering.
Det gis lønstilskot til helsepersonell:
• helsesjukepleiar
• jordmor
• lege
• fysioterapeut
• psykolog
• anna helsepersonell som kommunen ønsker å knytte til tenesta (inkl. helsesekretær)
Hovuddelen av tilskotet skal nyttast til å dekke lønnsrelaterte utgifter; medrekna blant anna lønn, pensjonsinnskot, trekkpliktige forsikringsordningar, arbeidsgivaravgift og feriepengar (artsserie 0 i KOSTRAs kontoplan). Som lønnsrelatert utgift godtakast også kjøp av tenester teneste frå Helseføretak eller andre kommunar. Ved refusjon frå staten for sjukelønn, feriepengar eller foreldrepengar knytt til årsverk som lønnast av tilskot skal dette førast som inntekter i prosjektet.
Tilskot kan også nyttast til lønn under relevante master-/ vidareutdanningar på høgskule og universitetsnivå. Tilskot til å kvalifisere konstituerte helsesjukepleiarar vil bli prioritert.
Tilskot skal ikkje dekke utstyr eller investeringar av varig karakter.
Tillegg og presiseringar:
Føresetnader for tildeling er:
- At oppgåvene som utførast skal vere knytt til anbefalingar i Nasjonale faglege retningslinjer for tenesta
- At lønstilskot for fagressursar skal vere knytt til arbeid som utførast i eller i regi av helsestasjons- og skulehelsetenesta som definert i første kulepunkt under punkt 1.
- For tilskot til lønn under utdanning er det eit krav at dokumentasjon på studieplass følger søknaden eller søknad om omdisponering.
Tildelingskriterium:
Søknader frå kommunar som har store levekårsutfordringar vil bli prioritert. I tillegg prioriterast kommunar som søker midlar til kombinerte stillingar for jordmødrer mellom helsestasjons- og skulehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Søknadsvurderinga tar utgangspunkt i kommunens levekår/ oppvekstprofil og andre objektive data.
Det tilstrebast ei god spreiing av tilskot geografisk for å sikre nasjonal utvikling av tenestetilbodet.
Kategori (vekting) | Kriterium | Forklaring |
Søknad (65 %) | Fagleg forsvarlegheit og forankring | Tiltak må være i tråd med forskrift om kommunens helsefremmande og forebyggande arbeid i helsestasjons- og skulehelsetenesta (§ 2-3), nasjonale faglege retningslinjer for tenesta og forankra i kommunens planar. |
Styrking og utvikling av tenesta | Skildrar søknaden korleis tenesta skal styrkast og utviklast (tilgjengelegheit, opningstider, digitalisering, tverrfaglegheit)? |
Budsjett og ramme-betingelser (35 %) | Kommunens levekårsutfordringar | I kva grad har kommunen store levekårsutfordringar? Se Tillegg og presiseringar under punkt 4 (Søknaden skal innehalde) og FHIs oppvekstprofil. |
Utrekning av tilskot:
Tilskot reknast ut på bakgrunn av oppgitte stillingsprosentar for førehandsdefinerte faggrupper etter følgande regler:
- Gjennomsnittskostnad for årsverk leggast til grunn ved utrekning av lønstilskot*.
- Grunnlaget for utrekning justerast for lønnsvekst årleg.
- Det leggast til eit tillegg på 30% for arbeidsgivaravgift, pensjon og andre administrative kostnadar
*Tall frå Det tekniske beregnings- og statistikkutvalg for kommunesektoren (TBSK) leggast til grunn.
For faggrupper som ikkje er førehandsdefinert i søknadsskjema gjer kommunen eit estimat for lønnskostnad og stillingsprosent i søknadens budsjett. Helsedirektoratet vil gjere ei vurdering opp mot data frå TBSK der data finnast.