Kva er psykisk utviklingshemming?
Psykisk utviklingshemming er ein medisinsk diagnose som blir stilt på grunnlag av kriterium i ICD-10, den internasjonale statistiske klassifikasjonen av sjukdomar og tilhøyrande helseproblem. Diagnosen inneber ein sein eller mangelfull utvikling som viser seg ved nedsett kognitiv dugleik, dvs. evna til å lære, oppfatte og løyse problem, og nedsett evne til å fungere når det gjeld ferdigheiter i dagleglivet sitt, kommunikasjon og sosial dugleik. I tillegg må tilstanden ha vist seg før ein fyller 18 år.
Kvifor stille diagnosen?
Føremålet med å stille diagnosen er å gje personen sjølv og omgivnadene ei forståing av personen sin evne til å fungere. Denne forståinga er vesentleg for naudsynt tilrettelegging og hjelp. Resultata av utgreiinga bør difor, viss personen samtykker til det, bli gjort kjent for aktuelle tenester og bidra til at personen mottek individuelt tilpassa tenester.
Korleis blir diagnosen stilt?
Diagnosen blir stilt på bakgrunn av ei samla vurdering av kognitiv dugleik og dugleik i kvardagen, vurdert av ein erfaren klinikar. Kognitiv dugleik blir målt med standardiserte intelligenstestar, medan evna til å meistre daglege aktivitetar blir kartlagt systematisk ut frå forventa dugleik i høve til alder. Ved svært lågt evnenivå må nokon gonger indirekte vurderingar nyttast for å avgjere nivået av intelligens.
I tillegg er det naudsynt at ein undersøkjer årsaker til utviklingshemminga og andre diagnosar som kan forklare tilstanden. Til dømes kan psykiske og somatiske lidingar ha stor verknad på det kliniske biletet og den faktiske dugleiken personen må vise fram under undersøkinga. Vurderinga må take omsyn til slike tilhøve.
Kven kan stille diagnosen?
Helsepersonellova stiller krav om at helsepersonell skal innrette seg etter dei faglege kvalifikasjonane sine, og hente bistand eller vise pasientar vidare der det er naudsynt og mogleg.
Kompleksiteten i utgreiinga og krava i helsepersonellova tydar at diagnostisering av psykisk utviklingshemming bør gjerast i spesialisthelsetenesta, at utgreiinga bør vere tverrfagleg og at det bør etablerast rutinar og prosedyrar som gjev forsvarlege helsetenester på dette området.
I utgangspunktet kan alle leger og psykologar stille alle typar diagnosar, òg diagnosen psykisk utviklingshemming. Men diagnostiseringa skal vere forsvarleg, og det er ei rad med krav til kva som må vere på plass for å setje denne diagnosen, krav som er skildra ovanfor.
Gjennomgang av praksis
Helsedirektoratet har fått i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, å prioritere arbeid med gjere kriteria for å stilla diagnosen psykisk utviklingshemming tydelegare, og at desse kriteria blir godt gjort kjende for helse- og omsorgstenesta. I løpet av 2019 vil Helsedirektoratet undersøkje praksis for utgreiing og fastsetting av diagnosen psykisk utviklingshemming og vurdere om det er behov for nasjonale faglege retningsliner på området.