Tverretatleg rettleiingsteneste
Du kan søke om å delta i tverretatleg éin-til-éin-rettleiing, der du kan få rettleiing etter fleire regelverk i eitt og same møte. Det er Helsedirektoratet, Direktoratet for medisinske produkter og Helsetilsynet som deltek med juristar som kan rettleie på disse møtene. Etter avtale kan også andre inviterast inn.
Hensikta med disse møtene er å bidra til:
- at prosjekt og miljø får god kjennskap til regelverka og får avklaringar etter fleire regelverk samstundes
- harmonisering av tolking av regelverka
I tillegg får Helsedirektoratet, Direktoratet for medisinske produkter og Helsetilsynet løpande signal om kvar regelverket er uklart, kva tema dei bør utarbeide skriftleg rettleiing om, og korleis dei ulike regelverka spelar saman.
Korleis søke om rettleiing
Søknad om éin-til-éin-rettleiing må beskrive problemstillinga du ønsker å få rettleiing om.
Kvart møte omhandlar ei problemstilling. Det er viktig at du beskriv problemstillinga konkret og utfyllande for at den skal bli forstått riktig og rettleiinga skal bli så god som mogleg. I tillegg til beskrivinga av den juridiske problemstillinga er det viktig at du skildrar konteksten for problemstillinga godt.
Vi har laga ein kort anbefalt prosess og hjelp til å løyse juridiske problemstillingar som du må lese og følge for å forberede problemstillinga.
Problemstillinga kan sendes til Ragnhild.Angell.Holst@helsedir.no.
Fortløpande opptak
Vi tek i mot søknader om éin-til-éin-rettleiing fortløpande. Søknadene blir vurdert av juristane i rettleiingstenesta. Prosjekter som oppfyller kriteria, vil bli invitert til eit rettleiingsmøte på inntil 90 minutt. Tid og stad for rettleiingsmøtene avtalar vi når vi får søknaden.
Sidan dette er oppstartsfasen, vil vi be om at deltakarane gjev oss tilbakemeldingar på møtet i etterkant slik at vi kan evaluere og justere tilbodet.