Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

KMI-kalkulator

 

Kroppsmasseindeks (KMI) og midjemål

Kroppsmasseindeks (KMI), eller Body Mass Index (BMI) på engelsk, og midjemål, er to mål ein ser på for å vurdere risiko for sjukdom. KMI reknar ut forholdet mellom høgd og kroppsvekt, det vil seie kor mykje kroppsmasse ein har i forhold til høgda si.

Her kan du rekne ut din KMI

Svakheit ved bruk av KMI-verdiar


Kroppsmassen består av feittvev, muskelvev og beinvev. Ei svakheit ved KMI er at den ikkje skil mellom kor stor del av kroppsmassen som kjem frå dei ulike typane vev. Eksempelvis kan menneske med stor muskelmasse ha høg KMI, men samtidig låg feittprosent, og har då ikkje auka helserisiko.

 

Korleis feittet er fordelt på kroppen påverkar òg helserisikoen. Er feittet hovudsakeleg fordelt rundt magen, er det meir helseskadeleg enn om feittet hovudsakeleg er fordelt rundt rumpe, hofte og lår. Difor bør ein i tillegg til KMI måle livvidda (midjemålet).

 

Les meir om KMI og midjemål på helsenorge.no.