Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Om Bu trygt heime-reforma

Stortingsmeldinga om Bu trygt heime vart lansert 16. juni 2023. Oppfølging skal bidra til aldersvennlege samfunn, meir heilskap i eldrepolitikken og betre helsehjelp til eldre i Noreg.

Stortingsmeldinga Meld. St. 24 (2022–2023) (regjeringen.no) byggjer på tre heilt sentrale verdiar.

  • Motverke sosiale forskjellar gjennom gode fellesskapsløysingar
  • Openheit om aldring
  • Tryggleik og tilhøyrsle for alle

Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsette gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil regjeringa sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester.

Meldinga har fire innsatsområder

  1. Levende lokalsamfunn – «Regjeringen vil bidra til levande og aldersvennlege lokalsamfunn som støttar opp under aktivitet, deltaking og møte mellom generasjonar. Tilgang til kulturopplevingar, naturområde og eit godt fysisk og sosialt inkluderande nærmiljø er viktig i eit levande lokalsamfunn.»
  2. Boligtilpasning og -planlegging"Regjeringa vil føre ein aktiv bustadspolitikk som skal bidra til å jamne ut sosiale og geografiske forskjellar i bustadsmarkaden. Å auke tilgjengelegheita i og rundt bustader og auke andelen eigna bustader er viktig for å nå målet om at fleire eldre skal kunne bu trygt heime."
  3. Kompetente og myndiggjorte medarbeidere«Regjeringa ønsker at tenestene skal vere trygge og av god kvalitet. Personellet er den viktigaste ressursen for å gi trygge og gode helse- og omsorgstenester til befolkninga."
  4. Trygghet for brukere og støtte til pårørende"Regjeringa vil vidareutvikle og styrke den felles helsetenesta vår, slik at alle får ein trygg alderdom. Særlig fokus på forebyggende og aktivitetsfremmende tjenester, kvalitet og kapasitet og støtte til pårørende."

Oppfølginga av stortingsmeldinga skal vert sett i samanheng med andre nasjonale satsingar, både pågåande og nye. Det er særleg folkehelsemeldinga, beredskapsmeldinga og Nasjonal helse- og samhandlingsplan vil vere fundamentet for arbeidet med andre satsingar.

Tverrsektorielt perspektiv

Det er seks departement som står bak Bu trygt heime-reforma og det blir etablert ei eiga gruppe på tvers som skal ha ansvar for tverrdepartemental koordinering av arbeidet. Det tverrsektorielle perspektivet er gjort tydeleg allereie i innleiinga av meldinga, der det står

«Konsekvensane av ein aldrande befolkning er inga «bølge» som trekker seg tilbake, men ei utvikling som kjem til å prege det norske samfunnet i lang tid. Det må vi ta høgde for i all planlegging og politikkutvikling. Å bidra til løysingar som legg til rette for at flest mogleg skal oppleve meistring og kunne leve gode, sjølvstendige liv, samtidig som ein tenker nytt om korleis ein møter den demografiske utviklinga på tvers av sektorar, vil vere heilt sentralt for å sikre berekrafta til velferdssamfunnet»

Planperiode 2024-2028

Bu trygt heime har planperiode frå 2024-2028. Helsedirektoratet vil ha det overordna koordineringsansvaret, både ut mot kommunane og på tvers av underliggjande etatar. Det vert laga ein nasjonal gjennomføringsplan som skal vere ferdig innan 1. juni 2024.

Ein viktig del av Bu trygt heime-reforma er utviklinga av eit nasjonalt eldrebustadprogram (husbanken.no). Husbanken sit i førarsetet for dette og ein plan for oppfølging av programmet skal også leggast fram innan 1. juni.

Aktivitetar og tiltak knytt til eit aldersvennleg Noreg vert samla under eit nytt program for perioden fram til 2030. Den vert forvalta av Senter for eit aldersvennleg Noreg.

Tiltaka i reforma skal følgjast opp gjennom årlege budsjettprosessar.

Sentrale hendingar

Videopresentasjon av reforma

 

Først publisert: 22.03.2024 Siste faglige endring: 24.10.2024 Se tidligere versjoner