Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Om Helsenorge

Om Helsenorge

Helsenorge er den offentlege nettstaden for informasjon om og tilgang til helsetenester, for innbyggarar i Noreg. Innhaldet vert levert av ulike aktørar i helsesektoren, og det er Norsk helsenett som har ansvar for drift og utvikling av nettstaden.

Helsenorge er delt i to hovuddelar:

  • informasjonssider, der du finn kvalitetssikra helseinformasjon om ei rekke tema
  • sjølvbeteningsløysingar, der du har tilgang til ulike helserelaterte nett-tenester

Føremålet til Helsenorge

Helsenorge er laga for å gje den enkelte pasienten eller dei pårørande eit betre og enklare møte med helsetenesta, og hjelpe dei med å auke meistringa, styrke pasientrolla og få ei betre helse.

Helsenorge skal:

  • gjere det enklare å finne fram til og velje behandlar
  • gje tilgang til eigne helseopplysningar
  • gje tilbod om sjølvbetening og høve til sjølvhjelp
  • gje informasjon og råd om god helse og livsstil, symptom, sjukdom, behandling og rettar

Du kan finne meir detaljert informasjon om tjenestene tilgjengelige på Helsenorge på deres nettsider.

Først publisert: 08.01.2025 Siste faglige endring: 08.01.2025 Se tidligere versjoner