Autentiske tekstar frå spørsmål og svar-tenester kan også vere nyttige treningsdata for språkmodellar, særleg om språkmodellen skal nyttast til slike tenester. Det kan t.d. dreie seg om innsende spørsmål til fagstyresmakter med påfølgjande svar på helserelaterte spørsmål. I tiltaket Enklare tilgang til informasjon (ETI)[20] blir spørsmål og svar-tekstar nytta som treningsdata (sjå lenger nede under bruksområde).
Slike typar treningsdata må anonymiserast for å kunne brukast til dette føremålet.