Store mengder helsefaglege bøker er digitaliserte hos Nasjonalbiblioteket. Det kan dreie seg om alt frå pensumbøker i medisin og sjukepleie til formidlingsbøker til allmennheita. Innhaldet i bøkene er av høg kvalitet og vil potensielt kunne nyttast til å trene helsefaglege språkmodellar.
Kunnskapsdepartementet har gitt Nasjonalbiblioteket i oppdrag å vurdere verdien av materiale med opphavsrett ved trening av språkmodellar.[24] Arbeidet vil skje med i samarbeid med UiO og NorwAI, og eit forslag er venta i løpet av året.