Fagrådet skal:
- medverke til utvikling av kvalitet i form av faglege standardar i tråd med krava i blodforskrifta.
- gje råd om behov for endringar i blodforskrifta, med grunnlag i fagleg vurdering eller utvikling.
- medverke til ei transfusjonsteneste som er kostnadseffektiv og mest mogleg grunnlagd i kunnskap.
- fremje kunnskap om transfusjon i helsetenesta, hjå befolkninga generelt og hjå blodgjevarar spesielt.
- medverke til kommunikasjon med relevante internasjonale organ og fagmiljø.
- medverke til at det vert skipa rådgjeving og eventuelle funksjonar for støtte og referanse.
- medverke til kvalitetssikring og validering for å velje blodgjevarar, for rett bruk av laboratorieanalysar i transfusjonstenesta, for optimal kvalitet ved produksjon og for rett nytte av blod og blodprodukt.
Medlemmer i rådet
Rådet har i alt ni medlemmar med relevant bakgrunn og dei er valt for fire år. Helse- og omsorgsdepartementet, Folkehelseinstituttet, Statens helsetilsyn og Direktoratet for medisinske produkter kan nemne opp observatørar til møter i rådet. Helsedirektoratet fungerer som sekretariat.