Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Standardiseringsutvalet for internasjonale e-helsestandardar

Utvalet skal styrkje norske aktørars høve til å påverke utvikling og bruk av internasjonale standardar.

Møter i 2024

Møter i 2023

Møter i 2022

Bakgrunn

Aktørane i helse- og omsorgssektoren har fremja eit behov for å ha eit felles utval, der verksemder, leverandørar og styresmakt jobbar saman på eit strategisk og taktisk nivå for å styrkje Noreg rolla si i internasjonalt standardiseringsarbeid. 

Saka om skiping av Standardiseringsutvalget er behandla i mellom anna følgjande forum: 

Standardisering er ein føresetnad for elektronisk samhandling i helsetenesta, og legg dessutan til rette for innovasjon og næringsutvikling. Nasjonal e-helsestrategi og handlingsplan 2017-2022 og Plan for utvikling av felles grunnmur for digitale tjenester i helse- og omsorgstenesta peikar på gjenbruk av internasjonale standardar som eit sentralt verkemiddel i det vidare standardiseringsarbeidet.

Arbeidet går føre seg gjennom mange ulike standardiseringsorganisasjonar, program og prosjekt. Direktoratet for e-helse skal gjere tydeleg retning og vere aktiv pådrivar for at aktørar nyttar internasjonale e-helsestandardar på ein einskapleg måte. 

Formål 

  • Styrke norske aktørars høve til å påverke nordisk, europeisk og internasjonalt standardiseringsarbeid gjennom relevante kanalar.
  • Bidra til at kunnskap om internasjonale standardar blir utbreidde i Noreg
  • Oppnå betre koordinering av standardar som blir utvikla, for å unngå overlappande og inkonsistens mellom ulike e-helsestandardar
  • Være rådgivande forum for Direktoratet for e-helse   
  • Bidra til å involvere leverandørmarknaden relatert til tilpassing og utbreiing av standardar
  • Utvikle nasjonal forståing for bruk av internasjonale standardar og bidra til utvikling og påverknad.
  • Framme utvikling, adopsjon og anerkjenning av relevante internasjonale standardar.

Oppgåver og ansvar

Standardiseringsutvalet blir etablert med eit mandat som skal gjelde to år frå oppstart (2020 – 2022).

Standardiseringsutvalet skal:

  • Bidra til heilskaplege vurderingar av internasjonale standardar på eit overordna nivå og på tvers av standardiseringsorganisasjonar
  • Tilrå kva for nokre internasjonale standardar som bør normerast for norsk helse- og omsorgsteneste
  • Tilrå kva for nokre strategiske internasjonale standardiseringsaktivitetar Noreg bør delta i

Direktoratet for e-helse  skal formidle informasjon om pågåande internasjonalt standardiseringsarbeid.

Representanter

Standardiseringsutvalet blir leidd av Helsedirektoratet. Utvalet vil ha ei brei samansetjing av aktørar i sektoren, medrekna leverandørar og standardiseringsorganisasjonar.

Virksomhet

Navn 

Apotekerforeningen

Ervin Ricardo Reyes

Aspit

Kristian Moum

Det Norske Veritas

Helga Maria Brøgger

DIPS

John Harald Sevaldsen

Direktoratet for medisinske produkter

Bendik Auran Rathe

Egde

Ann-Elisabeth Ludvigsen

Folkehelseinstituttet

Astrid Krahn

GS1 Norge

Espen Braathe

Helsedirektoratet

Georg F. Ranhoff (leiar)

Helsedirektoratet

Thore Thomassen

Helse Nord

Kristian Andreassen

Helse Sør-Øst

Yvonne Garshol

Helse Vest

Øivind Skeidsvoll Solvang 

Helse Vest

Sissel-Marie Børthus

Helse Vest

Jan Helge Norekval

Helseplattformen

Mona Stedenfeldt

Helseplattformen

Eigil Gotaas

HL7 Norge

Line Andreassen Sæle

Kristiansand kommune

Van Nguyen

KS

Mette Røhne

Legeforeningen

Petter Hurlen

Nasjonalt senter for e-helseforskning

Rune Pedersen

Nasjonalt senter for e-helseforskning

Ove Lintvedt

Norsk Elektro­teknisk Komite

Per Lyder Pedersen

Norsk helsenett

Armann Helgason

Norsk helsenett

Michal Cermac

Omda

Lilly Marit Angermo

openEHR Norge

Vebjørn Arntzen

Sectra

Endre Haugen

Standard Norge

Helena Brunskog 

Stavanger kommune

Eva Tone Fosse

Sykehuspartner

Øyvind Aassve

Sykepleierforbundet

Bente Christensen

TietoEvry

Espen Hetty Carlsen

Trondheim kommune og Helseplattformen

Thor Johannes Bragstad

Mandat

Mandat standardiseringsutvalget for internasjonale e-helsestandardar 2023-2026 (PDF)

Kontakt

Send e-post til standardiseringsutvalet.

 

Først publisert: 11.06.2024 Siste faglige endring: 11.06.2024 Se tidligere versjoner