Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Samarbeidsorgan for digital helseberedskap

Samarbeidsorganet skal samordne behov og initiativ frå aktørane i samarbeidsorganet knytt til det digitale økosystemet for helseberedskap for å vere betre førebudd ved neste helsekrise.

Bakgrunn

KS og FHI fremja i nasjonal rådsmodell hausten 2022 behovet for å organisere ein heilskapleg og samla innsats i arbeidet med å styrkje digital helseberedskap. Som følgje av dette etablerte Direktoratet for e-helse eit samarbeidsorgan for aktørane med utgangspunkt i styringsgruppa for koronaporteføljen.

Samansetning

Samarbeidsorganet skal bestå av faste medlemmer og leiast av Helsedirektoratet. 
Aktørane skal stille med personar med god innsikt i digital helseberedskap.  Medlemmene skal representere aktøren sin i møta, og har eit ansvar for å forankre tilrådingane til samarbeidsorganet i eiga aktørgruppe.


Følgjande aktørar er representerte i samarbeidsorganet:

NavnVirksomhet
Siv IngebrigtsenHelsedirektoratet
Trine Orten GrovenFolkehelseinstituttet
Helen BrandstorpHelsedirektoratet
Terje WistnerKS
Frank-Ivar AarnesHelse Sør-Øst RHF 
Bodil RabbenNorsk helsenett SF
Anne-Lise HärterApotekforeningen
Maren Heldahl (Observatør)Statsforvalteren i Oslo og Viken

 

Dette samarbeidsorganet kan også brukast i helsekriser. Leiinga og rapporteringsveg må i desse tilfella definerast så snart mogleg etter at krisa har oppstått.

Mandat

Mandat til samarbeidsorganet for digital helseberedskap (PDF).

Møter

Samarbeidsorganet møtest ca. 6 gonger i året.

Først publisert: 30.05.2024 Siste faglige endring: 14.10.2024 Se tidligere versjoner