Styret i seniorforeininga ønskjer alle nye og nåverande medlemmer eit godt nytt år! Det er ei glede å sjå at medlemstalet har auka i 2024.
Medlemsskap
Seniorforeininga har som føremål å gje eit aktivitetstilbod til tidlegare tilsette i Helsedirektoratet. Døme på aktivitetar er faglege føredrag, kurs, omvisingar med guide, turar og sosiale samlingar.
Medlemmene deltar på aktivitetar på subsidierte prisar.
Innmelding
- Send e-post om innmelding med namn, adresse og e-post til: seniorforeningen.helsedir@gmail.com
- Betal 200 kroner i årspengar til kontonummer 9855 05 60666. Hugs å skrive kven betalinga er frå i merknadsfeltet.
Kva skjer i 2025?
Styret ønskjer å tilby eit variert program i 2025. Oversikten under viser planlagde aktivitetar i 2025. Styret tar atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
Norsk samarbeid med EU (17. januar 2025 kl. 11.30–12.45)
Bjørn Inge Larsen, tidlegare helsedirektør og tidlegare departementsråd Helse- og omsorgsdepartementet, vil snakke om samarbeidet med EU i helseprogrammet EU4Health, og om dei norske styresmaktene sitt arbeid på dette området. Dette skjer i Helsedirektoratet sine lokale. Påmelding til seniorforeningen.helsedir@gmail.com innan 14. januar 2025.
Årsmøtet 2025 (11. mars kl. 11.30)
Det er årsmøte i seniorforeininga 11. mars kl. 11.30 i Helsedirektoratet sine lokale. Styret vil be medlemmene melde framlegg til saker til dagsorden til seniorforeningen.helsedir@gmail.com innan 28. januar.
Dato og stad | Arrangement i 2025 |
---|---|
Januar 17.01.25 kl. 11.30 -13.00 Helsedirektoratet | Norges myndighetssamarbeid med EU om ulike helseprosjekter. Ved Bjørn Inge Larsen, Helse- og omsorgsdepartementet |
Februar 11.02.25 kl. 11.30-13.00 Helsedirektoratet | Undervisning i Enkel bruk av Excel. Microsoft 365. Kursleiar: Ann Kristin Fiske, Helsedirektoratet |
Mars 11.03.25 kl.11.30-13.30 Helsedirektoratet | Årsmøtet med føredrag Føredrag om helsegevinstar ved fysisk aktivitet og kosthald. Informasjon om nye kosthaldsråd Ved Guro Smedshaug og Olov Belander, Helsedirektoratet
|
April 10.04.25 kl. 12.00-14.30 Dronning Sonjas KunstStall, Slottet | Omvising i Dronning Sonjas KunstStall. Sjekk Dronning Sonjas kunststall (kongehuset.no) |
Mai 20.05.25 kl. 11.30 Stortinget | Omvisning på Stortinget
|
Juni 18.06.25 kl. 11.30- 14.00 Oslo hospital og Gamlebyen | Omvising og forelesning om Gamlebyen og Oslo Hospital, samt folkemedisin i området Ved Kirsti Gulowsen, Oslo Byarkiv |
Juli | FERIE |
August 20.08.25 Oscarsborg festning festning | Reise og omvising til Oscarsborg festning. Sjekk Oscarsborg festning (forsvarsbygg.no) |
September 09.09.25 kl.11.30-13.00 Helsedirektoratet | Foredrag om IT-sikkerhet/svindel ved Oslo politidistrikt |
Oktober 22.10.25 kl. 11.30- 13.30 Helsedirektoratet | Nok helsepersonell i framtida? Korleis løyser kommunane behovet? Ved Ingrid Mydland, programleiar for Kompetanseløft 2025, Helsedirektoratet |
November 11.11.25 kl. 11.30-13.00 Helsedirektoratet | Korleis skrive ei framtidsfullmakt? Ved Lisa Larsen, jurist, Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus
|
Desember 03.12.25 kl. 11.30 – 14.00 Helsedirektoratet | Julelunsj Med «Rikets tilstand» ved Helsedirektør/ ledelsen, Helsedirektoratet |
Døme på tidlegare arrangement
Julelunsj, desember 2024
Seniorforeininga inviterte medlemmene til den tradisjonelle julelunsjen i Helsedirektoratet sine lokale på Storo.
Stor deltaking på Ibsenmuseet 14. november 2024
Mange medlemmer møtte fram til omvising i Ibsenmuseet. Her fekk seniorforeininga ein interessant og kunnskapsrik presentasjon av Ibsen si leilegheit og museet si nye utstilling "Jeg spørger helst".
Styret
To av medlemmane var ikkje til stades da bildet blei tatt:
Styremedlem:
Terje Totland
Vedtekter for Helsedirektoratet si seniorforeining