På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har Helsedirektoratet kartlagt dei tilboda som finst for vidareutdanning av sjukepleiarar i dag, og vurdert korleis det samsvarar med behova i tenestene.

- Vi får stadig fleire eldre, og kommunane har fått ansvar for fleire pasientar med samansette behov. To nye masterutdanningar i avansert klinisk sjukepleie kan bidra til at kommunane får kompetanse til å løyse nye oppgåver, seier avdelingsdirektør Randi Forfang i Helsedirektoratet.

Sjukepleiarar arbeider i eit vidt spekter av pasientsituasjonar, frå dei akutte og ikkje avklarte til førebyggjande og helsefremjande situasjonar. Grunnlaget for sjukepleiepraksis i alle desse situasjonane vert lagt i grunnutdanninga, og læringa held fram gjennom praksis i arbeidslivet. For å løyse helse- og omsorgstenestenes oppgåver er det behov for at nokon sjukepleiarar tek ei vidareutdanning på masternivå. Vidareutdanningane må vere tilpassa behova i tenestene.

Meldingar frå sentrale aktørar i tenestene stadfester at dei norske vidareutdanningane i sjukepleie er godt bygde ut og svarar på viktige behov, først og fremst i spesialisthelsetenesta. Samstundes ser vi at det er  eit stort behov for høgre kompetanse blant sjukepleiarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.  Òg i spesialisthelsetenesta er det behov for sjukepleiarar med breiddekompetanse.

Helsedirektoratet foreslår to vidareutdanningar på masternivå i avansert klinisk sjukepleie (AKS):

  1. Master i ålmennsjukepleie. Helsedirektoratet vurderer at det er behov for sjukepleiarar med avansert klinisk kompetanse i arbeid retta mot brukarar med samansette lidingar og komplekse behov for tenester. Mange eldre pasientar er i denne gruppa, men det er òg ein god del vaksne pasientar mellom 18 og 67 år med denne typen behov, særleg i kommunane.
  2. Master i born, unge og familie. Kommunane har teke over stadig meir av ansvaret for behandling, rehabilitering og oppfylging av born og unge med alvorlege lidingar, kompliserte tilstandar og komplekse behov for tenester. Framover vil det vere behov for å tilby både helsefremjande og førebyggjande arbeid overfor born og unge, slik helsesystrer i hovudsak arbeider i dag, og samstundes teke i vare perspektivet på heilskapen overfor born og unge frå enkel uro for helsa, heilt over til alvorleg sjukdom, funksjonshemmingar og store helseutfordringar. 

Les heile rapporten «Videreutdanning for sykepleiere – Hvordan sikre at behovet for avansert breddekompetanse blir ivaretatt i fremtiden?»