I tillegg til dei generelle pakkeforløpa blir nå tre tilstandsspesifikke pakkeforløp tilgjengelege. Desse er:

  • Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
  • Utredning og behandling av tvangsliding (OCD)
  • Spiseforstyrring hos barn og unge

​Pakkeforløpa skal bidra til føreseielegheit for pasientar og pårørande, og sikre eit meir likeverdig og kunnskapsbasert behandlingstilbod.

- Ved innføring av pakkeforløp for barn og unge med alvorlig spiseforstyrring og for pasientar med mistanke om psykoseutvikling eller psykoseliding, har vi ei tilråding om betydeleg kortare ventetid. Her veit vi at rask oppstart av helsehjelp i spesialisthelseteneste er viktig, seier avdelingsdirektør Mette Garvoll i Helsedirektoratet.

Måla med pakkeforløp for psykisk helse og rus er:

    • Auka brukarmedverknad og meir tilfredse brukarar
    • Samanhengande og koordinerte pasientforløp
    • Unngå fagleg ugrunna ventetid for utreding, behandling og oppfølging
    • Likeverdig tilbod til pasientar og pårørande uavhengig av kvar i landet dei bur
    • Betre ivaretaking av somatisk helse og gode levevanar

Psykisk helse, rusmiddelproblem og somatisk helse heng saman og bør behandlast under eitt. Somatisk helse og tilrettelegging for gode levevanar er derfor inkludert i forløpa.

Det at pasienten er involvert i behandlingsplanen fører med seg større grad av påverknad gjennom å seie kva som er viktig for han eller ho. Dette vil påverke behandlinga til å bli meir relevant og meir tilpassa den einskilde pasient. Ved at det skal bli registrert og rapportert på nye koder, vil vi følgje med på om pasientar blir involvert i eigen behandlingsplan.

- I pakkeforløpa som blir innførte i 2019, skal alle pasientar ha ein behandlingsplan som blir utvikla saman med pasienten og/eller foreldre, eventuelt pårørande. Regelmessig evaluering av behandlinga samman med pasienten vil gi større tryggleik og betre kvalitet, sier Mette Garvoll.

Når kan pasienter visast til pakkeforløp?

I alt seks pakkeforløp for psykisk helse og rus er nå tilgjengeleg for tenestene. Pasientar kan visast til dei generelle pakkeforløpa for psykisk helse og rus frå 1. januar 2019, og til de tilstandsspesifikke frå 15. februar 2019. Tilvising foregår på vanleg måte. I det einskilde pakkeforløpet og i NEL finnast eit oversyn over kva som bør vere med i ei tilvising, kva kartlegging som bør blir gjennomført og forventingar til dialog med pasient og pårørande.

Tilvisnigar i tråd med tilrådingane i pakkeforløpa er forventa å gi færre avslag frå spesialisthelsetenesta. Den som tilviser skal få ei tilråding om vidare oppfølging dersom det er vurdert at pasienten ikkje har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Pasientar kan tilvisast til følgande pakkeforløp frå 1. januar 2019:

  • Utreding og behandling i psykisk helsevern, vaksne.
  • Utreding og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
  • Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Pasienter kan tilvisast til følgande pakkeforløp fra 15. februar 2019:

  • Mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
  • Utredning og behandling av tvangsliding (OCD)
  • Spiseforstyrringar hos barn og unge

Det vil også komme pakkeforløp for gravide og rus og eit samhandlingsforløp psykisk helse/rus-barnevern i løpet av 2019.

Pakkeforløpene for psykisk helse og rus

Meld deg på nyhetsbrev

Ønsker du å ta imot nyhendebrev, med oppdateringar om nye pakkeforløp og deling av gode og nyttige erfaringar. Send e-post til nyhetsbrev.psykiskhelse.rus@helsedir.no.