​Det er føreslått 6,5 millioner kroner til ordninga i statsbudsjettet for 2017.  Det statlege tilskotet dekkjer 25 % av brutto årslønn til sjukepleiaren under utdanning, mens kommunen eller privat leverandør må dekkje minst 25 %. Helsedirektoratet administrerer ordninga.

Tilskotsregelverket gir informasjon om kriteria for å søkje denne ordninga og er å finne på same nettside som  søknadsskjemaet.

Bakgrunn

Stadig fleire fagleg krevjande oppgåver må løysast i kommunane som følgje av endra oppgåvefordeling mellom helseføretak og kommunar.

Kommunane har  ansvar for ei større gruppe pasientar med samansette og omfattande behov for behandling og sjukepleie. Det er behov for betre koordinering  og heilskaplege tenester til  innbyggjarar med komplekse og alvorlege sjukdomstilstander. Dette stiller krav til auka klinisk kompetanse blant sjukepleiarar.

Regjeringa har vedteke å styrkje den kliniske kompetansen på høgare utdanningsnivå blant sjukepleiarar i kommunane. Vidareutdanning på mastergradsnivå i avansert klinisk sjukepleie er inspirert av den internasjonalt kjende nurse practitioner-modellen. I Meld. St. 26 (2014 – 2015) Fremtidens primærhelsetjeneste – helhet og nærhet blir nurse practitioner definert som: «(…) en autorisert sykepleier som har tilegnet seg kunnskap på ekspertnivå, ferdigheter i kompleks beslutningstaking samt klinisk kompetanse til en utvidet funksjon. Mastergrad anbefales som minstekrav».

Utdanninga vil kunne bidra til meir kunnskapsbaserte tenester, ved at sjukepleiarar får kompetanse til å vurdere systematisk komplekse sjukdomstilstander, gjere presise observasjonar av akutte og ustabile sjukdomstilstander og å setje i verk rette tiltak.

I primærhelsetenestemeldinga peiker regjeringa på auka klinisk kompetanse blant sjukepleiarar som ein premiss for å utvikle nye arbeidsmåtar og samarbeidsformer i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Utdanninga vil kvalifisere sjukepleiarar til eit utvida funksjons- og ansvarsområde. Likeeins er sjukepleiarar med mastergradsutdanning i avansert klinisk sjukepleie tenkt å ha ein sentral funksjon i framtidas teambaserte primærhelseteneste.

Ordningas føremål

Lønstilskotet har som føremål å stimulere kommunane til kompetanseutvikling gjennom å vidareutdanne sjukepleiarar på mastergradsnivå i avansert klinisk sjukepleie. Ordninga skal styrke førebyggings-, behandlings- og omsorgstilbodet til innbyggjarar i kommunane som er i ferd med å utvikle eller som har utvikla kroniske, samansette og/eller kompliserte sjukdomstilstander.

Tilskotsordninga ein del av Kompetanseløft 2020 (K2020), regjeringa sin plan for rekruttering, kompetanseheving og fagutvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Satsinga er omtala i Meld. St. 26 (2014 – 2015) Fremtidens primærhelsetjenesten – helhet og nærhet (regjeringen.no, PDF).

Kontaktpersonar i Helsedirektoratet

Sigrun Heskestad
prosjektleiar Kompetanseløft 2020
Avdeling utdanning og personellplanlegging
sigrun.heskestad@helsedir.no
Tlf. 906 30 899

skriv ut del på facebook del på twitter