Tilrådinga er oversend Helse- og omsorgsdepartementet.
– Vi vil gjere det enklare for helsepersonell å finne og dele legemiddelreaksjonane til pasienten. Tilrådinga er ein del av arbeidet for at helsepersonell skal kunne registrere informasjon ein gong, og dele enkelt med kjernejournal, seier avdelingsdirektør Elin Høyvik Kindingstad i avdeling for digitale helsetenester.
Per i dag kan informasjon om legemiddelreaksjonar bli lagra i lokale pasientjournalar, delast i pasientens legemiddelliste i reseptformidlaren og/eller blir delt som kritisk informasjon i kjernejournal. Dei to siste er begge nasjonale samhandlingsløysingar, og for begge er det vedteke meldeplikt. Dette er likevel ikkje tredd i kraft endå. Med to nasjonale løysingar for den same informasjonen, kan det vere vanskeleg å vite kva kjelde som er rett for å få oversikt over legemiddelreaksjonane til pasienten.
Brei støtte i nasjonal rådsmodell
Tilrådinga har vore behandla i Fag- og arkitekturutvalet (NUFA) og det nasjonale prioriteringsutvalet (NUIT) i Nasjonal rådsmodell for e-helse. Det er brei støtte for å etablere Kjernejournal som ei nasjonal kjelde for informasjon om legemiddelreaksjonar, med ønske om at denne informasjonen skal vere tilgjengeleg både ved forskriving, ordinasjon og utlevering.
Tiltaket "Pasientens kritiske informasjon" har som mål å få helsepersonell til å dele kritisk informasjon oftare. I mandatet for tiltaket fekk *Helsedirektoratet i oppdrag å utarbeide ei tilråding om nasjonal handtering av kritiske legemiddelreaksjonar, og dessutan tilrå ei kjelde for informasjonen.
Enklare samstemming
Den helsefaglege vurderinga er at ein overgang til éi kjelde gjer det enklare å samstemme og dele kritisk informasjon frå lokale journalar.
Når Helsedirektoratets tilrår at legemiddelreaksjonar blir lagra og delte i Kjernejournal, så vil det i tillegg til regelverksendringar, også krevje godt samarbeid med helsepersonell og mellom aktørane i helsesektoren når endringa skal gjennomførast.
I overgangsperioden fram til forskriftsendringar trer i kraft, vil det vere nødvendig med tilpassingar i både nasjonale og lokale løysingar som varetek både fagleg forsvarlegheit og juridiske krav.