Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Svak nedgang i pasientskadar

To sykepleiere ser på en mobil

I 2023 var de hyppigste typene av pasientskader legemiddelrelatert skade, annen kirurgisk komplikasjon, postoperativ sårinfeksjon og urinveisinfeksjon. Dette er i tråd med resultater fra tidligere år, og også forekomsten i andre land.

Først publisert: 12.09.2024 Siste faglige endring: 12.09.2024

Nye tal frå Helsedirektoratet viser at omfanget av pasientskadar går ned ved norske sykehus.

Artikkelen er 102 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Pasientskadar er eit betydeleg globalt og nasjonalt problem. I 2023 oppstod det ein pasientskade ved 12 prosent av somatiske sjukehusopphald i Noreg, mot 12,6 prosent året før. Trenden for talet på sjukehusopphald med minst éin pasientskade samla har gått nedover frå 2012 til 2023 for alle alvorlegheitsgradar.

– Pasientskadar kan ha store konsekvensar for pasienten, pårørande og også det helsepersonellet som er involvert i ei uønskt hending som fører til ein pasientskade. Det inneber også store kostnader for helse- og omsorgstenesta og for samfunnet. Samstundes veit vi frå OECD og Sverige at omtrent halvdelen av alle skadar faktisk kan førebyggjast. Det nasjonale faglege rammeverket for betre pasient- og brukartryggleik, lansert i Nasjonal helse- og samhandlingsplan, har færre pasientskadar som ein av dei tre hovudmåla sine. Arbeidet med å auke pasient- og brukartryggleiken er langsiktig og krev målretta innsats på mange område, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.

- Tryggare å vere pasient ved norske sjukehus

Der er ein nedgang i pasientskadar for alle alvorlegheitssgradar, med unntak av forbigåande skadar som førte til forlenga sjukehusopphald eller reinnlegging, som går svakt oppover.

– Over ein periode på ti år har det blitt tryggare å vere pasient ved norske sjukehus. Nedgangen både i omfanget av skadar som var langvarige eller gav varig mén og skadar som bidrog til at pasienten døydde, er positivt. Brukarar og pasientar skal kjenne seg trygge i møte med helse- og omsorgstenestene, seier Guldvog.

Ønsker ein tydelegare nedgang i pasientskadar

I 2023 var dei hyppigaste typane av pasientskadar legemiddelrelaterte skade, annan kirurgisk komplikasjon, postoperativ sårinfeksjon og urinvegsinfeksjon. Dette er i tråd med resultat frå tidlegare år, og også førekomsten i andre land.

Ei samla oppteljing av skadetypar knytt til kirurgi, viser at desse fanst i 4,5 prosent av alle sjukehusopphald i 2023, mot 4,3 prosent i 2022. Tilsvarande viser ei samla oppteljing av infeksjonar at denne typen skade finst i 4,6 prosent av alle sjukehusopphald. Denne samanstillinga er ny frå og med 2023, og vi har difor inga samanlikning med tidlegare år. Det er viktig å merke seg at det er overlapp mellom gruppene kirurgisk skade og infeksjonar. Med grunnlag i desse tala er det god grunn til å oppmode helseføretaka og sjukehusa til å rette søkjelys mot smittevern og skadar som oppstår ved kirurgi for å vurdere om det finst potensial for forbetring. Rapporten inneheld kontrollgrafar for dei einskilde helseføretak og sjukehus, som kan hjelpe med å vurdere trend og setje inn tiltak lokalt.

I Nasjonal helse- og samhandlingsplan har regjeringa lansert eit nasjonalt fagleg rammeverk for betre pasient- og brukartryggleik, der rett bruk av legemiddel er eitt av fem nasjonale innsatsområde. Med dette utgangspunktet skal Helsedirektoratet utarbeide, følgje opp og koordinere ein nasjonal gjennomføringsplan for rett bruk av legemiddel.

Det er behov for vidare systematisk arbeid innan infeksjonsførebygging. Handlingsplan for betre smittevern (2019-2023) blir følgt opp med ein ny handlingsplan, tufta på ein evaluering som blei gjort i år.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold