Trenden med at fleire vert tilsett i bustader for vaksne med fast personell held fram i 2018. Samstundes rapporterer kommunane om fleire årsverk i helsestasjons‐ og skulehelsetenester i 2018 . Talet på psykologar i tenestene aukar òg. Det vart mellom anna 23 fleire psykologar i tenester til vaksne, medan det var ein auke på 36 psykologar i tenester til barn og unge. Psykologane og psykologspesialistane utfører no 9,9 prosent av årsverka i tenester og tiltak retta mot barn og unge.

Dette viser ein rapport SINTEF har laga på oppdrag for Helsedirektoratet.

Les rapporten (SINTEFs nettstad)

Opptrappingsplanen for rusfeltet

46 prosent av kommunane seier at auka i pengar dei har fått gjennom opptrappingsplanen i stor mon har vore nytta til føremålet, medan resten svarar at auke i rammetilskot berre i nokon eller liten grad har vore nytta til auka innsats på rusfeltet. Det er klare skilnadar mellom små og store kommunar. Medan berre 21 prosent av dei miste kommunane har svart at pengane i stor grad har vore nytta til føremålet, har 73 prosent i kommunar med meir enn 50 000 innbyggjarar nytta pengane i tråd med føremålet.

Det er òg kartlagt i kva grad opptrappingsplanen har hatt direkte konsekvensar for kommunalt rusarbeid det siste året. Flest kommunar melder at dei har fått ein auke i mengd årsverk og auka kapasitet i tilbodet for personar med rusmiddelproblem. òg her er det flest av dei største kommunane som har svart at opptrappingsplanen har ført til positive endringar.

Kvar i landet kommunen ligg spelar langt mindre rolle for satsinga på rustiltak  enn storleiken på kommunane. Sjølv om ein stor del av innbyggarane bur i dei større kommunane der problema er størst, har halvparten av kommunane i landet under 5000 innbyggjarar.

Store forventingar til pakkeforløpa

I undersøkinga melder 90 prosent av kommunane at dei har store forventingar til pakkeforløpa. Forventingane handlar i stor mon om at det vert ein tydelegare ansvarsfordeling og rolleavklaring mellom kommunane og spesialisthelsetenesta. Men det er òg ein del kommunar som uttrykker skepsis til innføring av pakkeforløp for målgruppa. Dette ser særleg ut til å handle om at dei meiner målgruppa treng tett individuell og tilpassa oppfølging etter recovery‐tankegang, medan pakkeforløpa standardiserer oppfølginga framfor å individualisere.