Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Store forskjellar i tilfredsheit blant brukarar med rusmiddelproblem

Personer sitter i sirkel. Bildet er kuttet av så man ikke ser ansiktene

Illustrasjonsbilde: Gettyimages

Først publisert: 26.06.2024 Siste faglige endring: 26.06.2024

Hovudvekta av brukarane med rusmiddelproblem som nyttar kommunale tenester er tilfredse med tenestene dei får. Samtidig opplever mange at bistanden med det praktiske, som å komme seg i arbeid, skaffe bustad og meistre økonomi ikkje strekker til.

Artikkelen er 177 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Dette viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet, utført av KORUS midt. 

– Det er veldig positivt at brukarane er tilfredse med tenestene dei mottek, og at fleirtalet opplever tenestene som tilgjengelege og at dei får hjelpa som trengs, når dei har behov for den, seier Jakob Linhave, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Undersøkinga viser også store forskjellar mellom gruppene i utvalet. Til dømes er personar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) mindre fornøgd samanlikna med dei som ikkje er i LAR. Dei eldste brukarane, og personane i arbeid, svarer meir positivt enn dei andre brukarane. 

– Forskjellane i gruppene er som forventa. Vi ser også at brukarane i dei små kommunane er meir fornøgd enn i dei store kommunane. Dette gir oss ei god innsikt på kvar vi må legge inn ein innsats framover. 

Det er 783 deltakarar, fordelt på 53 kommunar som har svart på undersøkinga. I etterkant er det fleire kommunar som har meldt interesse for å delta i neste omgang.

Les heile rapporten her.

 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold