​Dette viser rapporten Status for fritt behandlingsval frå Helsedirektoratet, som summerer opp ordninga, i kva grad folk kjenner til den og korleis den vert nytta.

Fritt behandlingsval er ei ordning der pasientar som har fått tilvising frå fastlegen til spesialisthelsetenesta sjølv kan velje staden dei skal verte behandla.

Fritt behandlingsval vart innførd 1. november 2015 og omfattar fleire tiltak og ordningar, mellom anna den tidlegare ordninga fritt sjukehusval og ei ny ordning (godkjenningsordninga) der pasientar kan velje å få behandling ved private sjukehus som ikkje har fast avtale med regionale helseføretak.

Fritt behandlingsval gjev pasientar rett til å velje mellom offentlege behandlingsstader, private behandlingsstader som har avtale med det offentlege og private behandlarar under godkjenningsordninga. I 2017 vart fritt behandlingsval utvida som fylgje av ei lovendring som trødde i kraft 1. juli. Gjennom endringa vart private rehabiliteringsinstitusjonar inkludert i fritt behandlingsval og tenesta intensiv habilitering av born og unge vart inkludert i godkjenningsordninga.

Godt kjend og populær ordning

Ei undersøking våren 2017 av kva kjennskap innbyggarane har om retten til fritt behandlingsval og informasjonstenesta vel behandlingsstad synte at heile 84 prosent var klare over ordninga med fritt behandlingsval, og 54 prosent svarte at dei kjende til nettsida vel behandlingsstad.

Vel behandlingsstad på helsenoreg.no gjev oversyn over behandlingsstader som er del av ordninga fritt behandlingsval, og ventetida for å få utført ei rad ulike undersøkingar og behandlingar. Såleis kan pasienten lett finne ut kvar det er kortast ventetid for å få operasjon eller andre formar for helsehjelp.

Besøkstala for nettsida vel behandlingsstad var høgre i 2017 enn i 2016. Samstundes som bruken av nettenester går opp, så går talet på førespurnader per telefon ned. Talet på førespurnader til telefontenesta 800 HELSE og pasientrådgjevarane var noko lågare i 2017 enn i 2016.

I den siste pasientrøynsleundersøkinga (2015) svarte 33 prosent av pasientane at dei sjølv valde sjukehuset dei vart lagde inn på.

Godt fungerande private tenestetilbod

Ved innføringa av fritt behandlingsval vart det òg opna for at private tilbydarar av tenester kunne behandle pasientar for statens rekning, utan at de hadde avtale med et regionalt helseføretak. Denne ordninga vert kalla godkjenningsordninga.

Godkjenningsordninga omfattar tenester innan rusbehandling (TSB), psykisk helsevern, utvalde somatiske område, og frå 1. juli 2017 òg ei habiliteringsteneste for born og unge. Talet på søknadar for å verte godkjend tenestetilbydar var høgast i 2016, og har etter det gått noko ned. Per medio oktober 2017 var det flest godkjende aktørar innan somatiske tenester (22 tilbydarar), etterfølgt av psykisk helsevern (12 tilbydarar) og TSB (8 tilbydarar). Det har òg vorte godkjend éin privat aktør for tenesta intensiv habilitering. Det er ei skeiv geografisk fordeling av dei godkjende aktørane, med 29 i Helse Sør-Øst, 8 i Helse Vest og berre éin i Helse Midt-Norge og éin i Helse Nord.

For rusbehandling (TSB) og somatiske tenester har det vore ei auke frå 2016 til 2017 i talet på pasientar som nyttar leverandørar under godkjenningsordninga. Innan TSB var det 153 pasientar i hele 2016, medan prognosen for 2017 er omlag 250 pasientar. Innan somatikk var det drygt 1 800 pasientar i 2016, og prognosen for 2017 er omlag 4 000 pasientar. I psykisk helsevern var det 132 pasientar i godkjenningsordninga i 2016, og prognosen for 2017 er om lag 145 pasientar.

For psykisk helsevern og somatiske tenester er det flest pasientar busett i Helse Sør-Øst som nyttar tilbodet i godkjenningsordninga. For rusbehandling (TSB) er det flest pasientar frå Helse Vest, og ei mindre mengd i Helse Sør-Øst og Helse Nord.

Statens utgifter til helsetenester som er leverte under godkjenningsordninga var om lag 60 millionar kroner i 2016, og prognosen for 2017 er omlag 115 millionar. Det er aktiviteten innan TSB som er grunnlaget for den største utbetalinga (ca. 60 millionar), etterfølgt av psykisk helsevern (ca. 40 millionar).

Tal frå Helfo syner at det er få pasientar og pårørande som klagar på tenesteleverandørar under godkjenningsordninga, men Norsk pasientregister (NPR) melder at fleire av tenesteleverandørane kan verte betre til å rapportere inn pasientdata. Pasientdata til NPR er viktige fordi det er grunnlaget for offentleg statistikk frå spesialisthelsetenesta.

Rapport: Status for Fritt behandlingsvalg
Fritt behandlingsval på Helsenoreg.no