​Helsedirektoratet tilbyr i samarbeid med KS denne skreddarsydde leiarutdanninga til primært einings- og verksemdsleiarar i helse- og omsorgstenesta i kommunane og til leiarar av tannhelsetenesta i fylkeskommunane. 

Søknad og meir informasjon hos BI.

Utdanninga gir 30 studiepoeng på masternivå og har m.a. fokus på endringsleiing og innovasjon. Det er BI som har ansvaret for gjennomføringa av utdanninga. Søknadsfristen er 15. april 2018.

Leiargrupper i same kommune og i regionen vil ha stort utbytte av å delta saman. Utdanninga startar i september 2018 og er ferdig i juni året etter. Det blir tre klassar som startar i Oslo, og ein klasse blir lokalisert i Trondheim. Studentane kjem frå alle delar av helse- og omsorgstenesta.

Utdanninga er evaluert av Rambøll og viser at leiarar er svært godt nøgde med innhaldet i utdanninga.

Studieavgifta er dekt av Helsedirektoratet. Reise og opphald må dekkjast av den enkelte. Det er mogeleg å søkje om reisetilskot frå KS.