Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Rettleiar for akutthjelparordninga kjem til hausten

Person som trener på førstehjelp

Foto: Mostphotos

Først publisert: 29.06.2023 Siste faglige endring: 29.06.2023

Rettleiaren for akutthjelparordninga vil etter planen bli publisert i haust.

Artikkelen er 303 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Rettleiaren er no på ein siste gjennomgang i arbeidsgruppa som har laga han. Når gruppa har gitt sine tilbakemeldingar, vil rettleiaren bli gjort ferdig og sendt til godkjenning i Retningslinjestyret i Helsedirektoratet. Viss Retningslinjestyret godkjenner rettleiaren, vil den vere klar til publisering på nettsidene til Helsedirektoratet til hausten.

Verktøy for kommunar og helseføretak

Målet er at rettleiaren skal vere eit verktøy som skal hjelpe kommunar og helseføretak å administrere og organisere akutthjelparordninga.

- Vi veit at kommunar og helseføretak ventar på rettleiaren og er glade for at den snart er klar for publisering, seier direktør for Divisjon analyse og samfunn i Helsedirektoratet, Helen Brandstorp.

Samarbeidsprosjekt

Rettleiaren er utarbeidd  av Helsedirektoratet med støtte frå ei arbeidsgruppe med representantar frå kompetansesentre, fagmiljø, Kommunenes interesseorganisasjon - KS og dei regionale helseføretaka.

Akutthjelparordninga

  • Akutthjelparar er personar utanfor helsetenesta som har gått gjennom særskild opplæring, slik at dei kan gi førstehjelp for å redde liv eller redusere risiko for skade fram til helsepersonell kan starta helsehjelp.
  • Dette er særleg aktuelt utanfor tettbygde strøk.
  • Akutthjelparar blir som hovudregel kalla ut ved:
    • Hjartestans
    • Medvitsløyse eller nedsett medvit
    • Stor ytre blødning 
    • Fare for generell nedkjøling
  • Dei fleste akutthjelparar er personell i brann- og redningstenesta eller medlemmer av frivillige organisasjonar.
  • For at akutthjelparar skal bli kalla ut må brann- og redningstenesta eller den aktuelle organisasjonen ha avtale om akutthjelparoppdrag med kommunen og det helseføretaket som dekkjer det aktuelle området.
  • Når akutthjelparane er på eit akutthjelparoppdrag, er dei del av den akuttmedisinske kjeda.
  • Akutthjelparane gir kvalifisert førstehjelp. Dei er ikkje helsepersonell og dei gir ikkje helsehjelp etter helsepersonellova i desse situasjonane.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold