Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor fell bort frå nyttår

Kiropraktor som masserer

Takstendringer. Foto: Mostphostos.

Først publisert: 18.12.2024 Siste faglige endring: 18.12.2024

I behandlinga av statsbudsjettet for 2025 har Stortinget vedtatt å avvikle refusjonsordninga for behandling hos kiropraktor. Retten kiropraktorar har til å sjukmelde og tilvise, vil ikkje bli ramma av endringa.

Forslaget i Prop. 39L (2024-25) om oppheving av folketrygdlova § 5-9 skal bli behandla i Stortinget i 2025. Helse- og omsorgsdepartementet vil vedta ei endringsforskrift der takstane for kiropraktorbehandling blir sett til null frå 1. januar 2025.

Dette inneber følgande: 

  • Frå og med 1. januar 2025 kan kiropraktorar ikkje lenger krevje refusjon for behandling av pasientar. 
  • Frå same tid fell retten pasientane har til å få dekt reiseutgifter for reiser til og frå behandling hos kiropraktor bort.
  • Kiropraktorar vil framleis kunne sende refusjonskrav til Helfo for behandlingar som er gjorde i 2024. Refusjonskravet må vere sendt seinast innan seks månader etter at kravet oppstod.  
  • I første halvdel av 2025 vil Helfo framleis handsame oppgjer for erklæringar (L-takstar) på vegner av Nav. Det tydar at kiropraktorar fram til 1. juli 2025 framleis kan sende krav om L-takstar til Helfo. 

Kiropraktorar har framleis rett til å sjukmelde i inntil 12 veker, tilvise pasientar til spesialisthelsetenesta og rekvirere radiologiske undersøkingar.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold