Noko veit vi ganske sikkert. Vi kjem til å verte mange fleire eldre og det kjem til å vere færre i arbeidsfør alder. Det tydar at måten helsepersonell jobbar på må verte endra, men korleis desse endringane vil skje er usikkert på fleire ulike måtar, som kan slå ut ganske ulikt ut på behovet for personell.

Helsedirektoratet har difor samarbeida med Samfunnsøkonomisk analyse om å skildre fire moglege variantar av Noreg i 2040, fire moglege framtider. Dei fire framtidene er grunnlagd på korleis det som er usikkert på to sentrale område kan kome til å slå ut.

Den fyrste usikre variabelen er bruk av arbeidssparande og velferdsfremjande teknologiske løysingar i det offentlege. Vil det offentlege helsevesenet nytte høva som ligg teknologien, eller vil ein av ulike grunnar ikkje gjere det?

Den andre usikre variabelen er knytt til offentleg prioritering av helse- og omsorgssektoren. I eit Noreg med svakare økonomi er det usikkert om det offentlege vil prioritere helse- og omsorgssektoren framfør andre offentlige oppgåver.

Les heile rapporten hos Samfunnsøkonomisk analyse (pdf)

Frukostseminar som vert strøyma
Torsdag 1. februar kl. 8 -9  vert rapporten lagt fram på eit frukostseminar på Litteraturhuset i Oslo.  Dette seminaret er di verre fullteikna, men det vil verte strøyma på Helsedirektoratets Youtube-kanal.

 

Her finn du videostraumen på youtubekanalen til helsedirektoratet

 

 

Dei fire framtidene

Scenarioene_ill_jpg.jpg