– Strukturerte tverrfaglege oppfølgingsteam skal sikre sterkare brukarinvolvering og at alle jobbar mot felles mål. Det er mange kommunale helse- og omsorgstenester som er gode kvar for seg. Men tenestene er for oppstykka og heilskapen manglar, seier avdelingsdirektør Kristin Mehre i Helsedirektoratet.   

Ho legg til at strukturert tverrfagleg oppfølging  vil bidra til  at brukarane opplever betre kvalitet, samtidig som kommunane brukar ressursane betre og får ein meir effektiv bruk av tenestene.

Tverrfaglege team som arbeidsform
Viktige stikkord for det utviklingsarbeidet kommunane skal vera med på er oppfølgingsteam som arbeidsform, tydeleg brukarinvolvering, tidleg  innsats og førebygging og styrka koordinatorrolle. Ein viktig del av piloten er også å prøve ut eit nytt verktøy for førebyggande risikokartlegging for å identifisere brukarar med risiko tidlegare enn i dag.

I utviklingsarbeidet skal kommunane legge til rette for og sikre god brukarinvolvering og at oppfølgingsteama til ei kvar tid er tilpassa brukarane sine individuelle behov for oppfølging og kompetanse. Gjennom oppfølgingsteam som ei integrert arbeidsform i alle tenester, er målet at pasientar og brukarar, uavhengig av alder, diagnose og funksjon, skal få en oppfølging tilpassa det som er viktig for dei.

 

Risikokartlegging ved hjelp av elektronisk verktøy
Som ein del av å identifisere personar som er i risiko og sette inn førebyggande tiltak tidleg skal det i piloten også prøvast ut eit nytt elektronisk verktøy for førebyggande risikokartlegging. Verktøyet skal i fyrste omgang prøvast ut hjå fastlegen og seinare også i sjukehus. 

Oppfølgingsteam_nettsak.jpg

Søknadsfrist 25. mai 2018
Piloten startar opp 1. september 2018 og varer i tre år.  

Det blir arrangert eit informasjonsmøte om piloten tidleg i mai. Dato for møtet blir publisert seinare.

Du finn meir informasjon om ordninga og korleis du kan søkje på: Tilskot til strukturelle tverrfaglige oppfølgingsteam.