Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Pårørandeavtalar skal styrke samarbeidet mellom helsepersonell og pårørande

kvinne og mann i sitter i sofa og ser på et papirskjema

Pårørandeavtale - eit verktøy for betre samarbeid mellom pårørande og helsepersonell. Illustrasjonsbilde: Mostphotos.

Først publisert: 17.09.2024 Siste faglige endring: 17.09.2024

Nå blir pårørandeavtalar lanserte - eit verktøy for betre samarbeid mellom pårørande og helsepersonell.

Artikkelen er 97 dager gammel, informasjonen kan være utdatert.

Mange pårørande står i svært krevande omsorgsoppgåver over tid. Dei er ein viktig ressurs, både for sine næraste og for samfunnet.   

- Fleire av pårørandeundersøkingane vi har, viser at det er behov for eit betre samarbeid mellom pårørande og helse- og omsorgstenestene. Mange pårørande yter mykje for sine i det stille. Vi håpar at ved å synleggjere innsatsen gjennom dette verktøyet, kan vi få fram både det pårørande og det helsetenestenes bidreg med. Difor blir nå pårørandeavtalar lanserte og dei skal vere ei hjelp for betre samarbeid, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet, og held fram:  

- Det skal bidra til auka medverknad, betre informasjon og meir føreseielegheit for pårørande med særleg tyngande omsorgsoppgåver. På den måten bygger vi eit lag rundt pasienten slik at både pasient og pårørande er godt ivareteke, utan at avtalen er juridisk bindande. Den skal vere klargjerande.  
 


 

 Samarbeidsverktøyet skal bidra til å:  

  • Opprette dialog mellom pårørande og helse- og omsorgstenesta  

  • Ivareta den pårørandes behov for å bli sett og vareteke 

  • Sikre pårørandes eventuelle rett til informasjon og til medverknad saman med pasienten eller brukaren  

  • Sikre nødvendig informasjonsutveksling mellom partane  

  • Avklare rollar og forventningar, rettar for pårørande og pliktene og tiltaka til kommunen  

  • Legge til rette for eit betre og meir heilskapleg tenestetilbod, større føreseielegheit og auka tryggleik for pårørande, pasient eller brukar  

Set pårørandearbeidet i system  

Kommunane har oppgåver og plikter knytt til å involvere og ivareta pårørande, og mange har allereie gode rutinar og gjer mykje godt arbeid på dette området.   

Pårørandeavtalar kan hjelpe med å sette arbeidet i system på ein enkel måte. Nå ligg verktøyet digitalt tilgjengeleg i Pårørendeveilederen i form av ein mal for pårørandeavtale, inkludert ein guide for samtale med pårørande.   

- Vi håpar og trur dette er eit nyttig verktøy som kan trygge pårørande, og opprette og halde ved like ein god dialog mellom tenesta og pårørande. Nokre gonger kan det vere heilt enkle grep som skal til, som til dømes at dei veit kva nummer dei kan ringe ved spørsmål, seier Brandstorp.  

Tilbakemeldingar og meir informasjon  

Lenke til webinar om pårørendeavtalar

Det er lagt opp til eit implementeringsløp for verktøyet ut mot kommunane og det er ønskeleg med tilbakemeldingar slik at ein kan korrigere og gjere tilpassingar undervegs. 

Kontakt: avd-kompetanse@helsedir.no 

Arbeidet er gjort i samarbeid med Pårørendealliansen, pårørandekoordinator frå kommune, Pårørendesenteret i Oslo, KS, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) Finnmark og Helsedirektoratet. 

Abonner på nytt eller oppdatert innhold