Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Oppfølgingsteam som arbeidsform har vorte evaluert

Helsepersonell i samtale med pasient

Helsepersonell i samtale med pasient

Først publisert: 27.06.2024 Siste faglige endring: 27.06.2024

Personar med behov for tenester frå fleire ulike aktørar treng at tenestene samarbeider godt. Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam er ei arbeidsform som tek utgangspunkt i behovet til brukaren. Målet er koordinert innsats og betre tenester

Pilotkommunane

Seks kommunar har delteke i ein pilot: Bø i Vesterålen, Senja Steinkjer, Kinn, Suldal og Asker. 
Piloten har handla om å omsetje innhaldet i den nasjonale rettleiaren «Oppfølging av personar med store og samansette behov» til praksis i kommunane.

 Sintef har på oppdrag frå Helsedirektoratet evaluert piloten gjennom fem år, og sluttrapporten "Struktur og fleksibilitet i oppfølging og koordinering" er no publisert. Evalueringa har hatt som mål å vurdere måloppnåinga av tiltaka i piloten og etablere eit erfaringsgrunnlag for andre kommunar, Piloten har gitt verdifulle innsikt i korleis kommunar kan løyse utfordringar med koordinering og samarbeid på tvers gjennom å systematisk innarbeide tverrfaglege team som generisk arbeidsform og samtidig sikre etterleving av lovkrav.

Suksessfaktorar

I evalueringsrapporten peikar Sintef på følgjande suksessfaktorar

  • Sterk forankring av utviklingsarbeidet i ein kompetent, tverrfagleg koordinerande eining, som har eit tydeleg mandat
  • Involvering og tiltak frå toppleiinga 
  • Involvering av alle relevante tenesteområde (ikkje berre helse) 
  • Leiarnettverk og workshops på tvers av tenesteområde 
  • System for opplæring (leiarar, koordinatorar, andre tilsette) og system for koordinatorstøtte  
  • Strukturert tverrfagleg oppfølgingsteam 
     

Abonner på nytt eller oppdatert innhold