Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Nytt e-læringskurs skal styrke legane sin kunnskap om demensutgreiing

Først publisert: 28.03.2025 Siste faglige endring: 28.03.2025

– E-læringskurset er eit viktig steg for å sikre at legar har den nødvendige kompetansen til å møte utfordringane knytt til ei aldrande befolkning og aukande førekomst av demens, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Berekningar viser at over 100 000 personar har ein demenssjukdom i Noreg, men berre vel halvparten har ein registrert diagnose. Nokre av mørketala kan skuldast at fastlegar i snitt berre utfører 2-3 demensutgreiingar i året, og at mange difor ikkje opplever at dei har nok kunnskap til å stille ein sikker diagnose.

– Manglande eller sein demensutgreiing kan ha uheldige konsekvensar for både personen sjølv og for dei pårørande. Dei går glipp av moglegheita til å få behandling eller planlegge livet vidare med demenssjukdom, og kommunar som gir systematisk oppfølging etter demensdiagnosar får ikkje gitt det gode tilbodet, seier divisjonsdirektør Helen Brandstorp i Helsedirektoratet.

Dette vil dei gjere noko med, og har utvikla eit e-læringskurs «Basal demensutgreiing for legar, utvida kurs 15 timar». Kurset bygger på kunnskapsbasert teori og praksis av høg fagleg kvalitet og på forskriftsfesta læringsmål i allmennmedisin.

Det er retta mot fastlegar, sjukeheimslegar og andre legar som utgreier pasientar med spørsmål om demens. Kurset, som er gratis, byggjer på kunnskapsbasert teori og praksis av høg fagleg kvalitet og på forskriftsfesta læringsmål i allmennmedisin.

Anbefalt av NFA

Det er estimert at kursdeltakarane vil bruke rundt 15 timar på kurset, inkludert praktiske øvingar og gjennomgang av rettleiingsmateriell frå Aldring og helse, og kurset er designa for å gi legar nyttig kunnskap om basal demensutgreiing.

Marte Kvittum Tangen, som er leiar for Norsk foreining for allmennmedisin, understrekar kor viktig kurset er.

– Befolkninga blir stadig eldre, og det å ha god kompetanse i å utgreie hukommelsesvanskar er viktig for allmennlegar. Du lærer om gode verktøy for utgreiing, ivaretaking av pårørande og får oppdatert kunnskap om behandling, seier Kvittum Tangen.

Stor breidde i tematikken

Kurset gir opplæring om føringar i Nasjonal fagleg retningslinje om demens og gir utfyllande kunnskap, 12 moduler dekkjer mange aspekt ved demensutgreiing. Blant desse er demensutgreiing hos fastlege, i sjukeheim og spesialisthelseteneste, identifisering av ulike demenssjukdomar, vurdering av førarkort, samtykkekompetanse og testasjonsevne.

Det inkluderer også ein modul om sentrale juridiske aspekt som pasientar sine rettar, legalfullmakt og framtidsfullmakt, samt teieplikt.

Kurset har ei pedagogisk oppbygging med døme, tekst og illustrasjonar som skal gi eit godt læringsutbyte og inspirere til god praksis.

Hovudmålgruppa for 15-timarskurset er legar som skal oppretthalde ein spesialitet i allmennmedisin, men det er tilgjengeleg for alle som har behov for det, som andre legar og tilsette i spesialisthelsetenesta og kommunale hukommelsesteam.

Nokre av modulane er dei same som i det føregåande 6-timarskurset, som vart utvikla med særleg tanke på dei som skal ta ein spesialitet i allmennmedisin. Over 700 fagfolk har gjennomført dette kurset, og dersom dei ønskjer å bygge på kompetansen sin med det utvida kurset, treng dei ikkje å gjennomføre modulane dei frå før har tatt.

Kurset Basal demensutgreiing for legar, utvida kurs 15 timar er tilgjengeleg på Nasjonalt senter for aldring og helse si side for e-læringskurs. Digital læring - Nasjonalt senter for aldring og helse

Kurset vil også vere tilgjengeleg i kurskatalogen til Legeforeininga.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold