- Dei nye reglane skal vere med på å skape best mogleg tryggleik i trafikken og mest mogleg lik handsaming for folk i heile landet, seier divisjonsdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.

Etter planen skulle dei nye reglane tre i kraft 1. juli. No er dette utsett. Regelverket vil bli fastsett 1. juli, men for å gje rom for informasjon og opplæring har Vegdirektoratet og Helsedirektoratet avgjort at reglane skal gjelde frå 1. oktober.

– Arbeidet med regelverket har tatt lengre tid enn vi hadde sett for oss. No blir forskriftsendringane vedteke 1. juli, og vil gjelde frå 1. oktober. Slik har vi tid til informasjon og opplæring før reglane trer i kraft, seier divisjonsdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.

I det nye regelverket vil det bli klarare reglar for kven som oppfyller helsekrava og ikkje. Derfor vil det bli færre søknadar om dispensasjon. Slike søknadar har til no blitt handsama av fylkesmennene. Legar, optikarar og psykologar skal arbeide med det nye regelverket, og vil få informasjon og opplæring.

skriv ut del på facebook del på twitter