Helsedirektoratet har no vedteke læringsmåla som til saman dekker det grunnleggande sett av kompetansar alle legar må ha for å verte spesialistar. Læringsmåla er utarbeidd i dialog med relevante fagmiljø, og har vore på høyring hos alle aktuelle partar.
Frå 1. mars er det mogleg å søke om opptak til fyrste del av den nye utdanningaer.

Felles kompetansemodular

Læringsmåla som no er vedtekne inneheld kompetanse i kliniske fag, og i kompetansemodular som er felles for alle spesialitetane (FKM). FKM strekk seg gjennom heile utdanningsløpet og set fokus på utøvinga av legerolla. Til dømes er det vedteke at alle spesialistar skal ha kompetanse i kommunikasjon med pasientar og i arbeid med forbetring for å styrke kvaliteten i behandling og i pasientløp.

Klare læringsmål

Med klart definerte læringsmål vil det verte lettare for arbeidsgjevar å fylgje opp utdanninga med gode læringsaktivitetar, rettleiing og kompetansevurdering undervegs.  Helsedirektoratet bidreg med tilrådingar om kva aktivitetar som bør verte  gjennomført for at legane i spesialisering skal nå læringsmåla. 

 

Sjå læringsmåla for felles kompetansemodul (FKM) 1-3 (pdf)

Sjå læringsmål for dei klinske faga i del 1 (pdf)

skriv ut del på facebook del på twitter