Paramedisinar blei ein del av autorisasjonsordninga i mai 2022. Den norske utdanninga som gir grunnlag for autorisasjon er ein treårig bachelorgrad i paramedisin. Men no kan altså sjukepleiarar og amulansearbeidarar søke om denne autorisasjonen i ei overgangsordning.
Her kan du sende søknad om autorisasjon på bakgrunn av overgangsordninga.
Frist for å søke om autorisasjon etter overgangsordninga er 1. juni 2030.
Kven kan søke?
Overgangsordninga gjeld for helsepersonell innanfor to grupper. For å oppnå autorisasjon må du oppfylle alle krava for ei av gruppene nedanfor.
Gruppe 1:
- autorisasjon som ambulansearbeidar eller sjukepleiar
- bestått vidareutdanning i paramedisin med 60 studiepoeng eller master i prehospitale tenester med 120 studiepoeng
- minimum fem års yrkeserfaring frå prehospital teneste i 100 % stilling eller tilsvarande omfang i deltidsstilling. Yrkerserfaringa må vere oppnådd etter at du blei tildelt autorisasjon som ambulansearbeidar eller sjukepleiar
- halvparten av yrkeserfaringa må vere frå pasientnært arbeid. For søkarar med vidareutdanning i paramedisin, må halvparten av yrkeserfaringa vere gjennomført etter bestått vidareutdanning
Gruppe 2:
- autorisasjon som både ambulansearbeidar og sjukepleiar
- minimum fem års yrkeserfaring frå prehospital teneste i 100 % stilling eller tilsvarande omfang i deltidsstilling etter at du blei tildelt autorisasjon som både ambulansearbeidar og sjukepleiar. Yrkeserfaringa må vere oppnådd dei siste 10 åra
- halvparten av yrkeserfaringa må vere frå pasientnært arbeid der du har arbeidet sjølvstendig og utført sjølvstendige helsefaglege avgjerder om pasientbehandling og legemiddeladministrasjon
Meir informasjon om søknadsprosessen og krava finn du i rettleiinga til søknaden, sjå Autorisasjon og lisens - Helsedirektoratet.
Overgangsordninga er regulert i forskrift om særlege vilkår for rett til autorisasjon som paramedisinar for ambulansearbeidarar og sjukepleiarar i ein overgangsperiode.