Du benytter en nettleser vi ikke støtter. Se informasjon om nettlesere

Noreg får pris frå EU for å evakuere ukrainske pasientar

Medisinsk evakuering. Personell frakter skadet person inn i fly

Medisinsk evakuering av pasientar avlastar helsetenesta i Ukraina og bidrar til at ledig kapasitet på sjukehus i Europa blir nytta.

Først publisert: 05.06.2024 Siste faglige endring: 05.06.2024

I nesten to år har Noreg hatt tilbod om medisinsk evakuering av ukrainske pasientar. No gir EU pris for innsatsen til Noreg.

Sidan august 2022 har Noreg tilbydd faste, vekevise flygingar til europeiske land for å evakuere ukrainske pasientar. Tysdag blei Noreg og Tyskland tildelt ei æresutmerking under årets “Civil Protection Forum”. Dette er ein møteplass for spørsmål  om beredskap for sivile offentlege og private aktørar. DSB får prisen saman med Forsvarets sanitet og Helsedirektoratet.

Stolte

– På vegner av Noreg og dei som jobbar med Medevac er vi veldig glade og stolte over å få denne prisen frå EU-kommisjonen. Gjennom eit oppdrag frå EU, har det norske Medevac-teamet, som består av personell frå SAS, medisinsk personell frå det norske forsvaret og norske styresmakter, bidratt til å evakuere meir enn 1750 personar frå Ukraina. Det er vi veldig stolte av, seier fungerande beredskapsdirektør Per Magne Tveitane i Helsedirektoratet.

 

Medevac_pris.jpeg
Tysdag blei Noreg og Tyskland tildelt ei æresutmerking under årets “Civil Protection Forum”.

Berebjelke

Medisinsk evakuering av pasientar avlastar helsetenesta i Ukraina og bidrar til at ledig kapasitet på sjukehus i Europa blir nytta. Det har blitt skildra av EU-kommisjonen som ein berebjelke i den sivile støtta frå Europa til Ukraina. Noreg har til no gjort 115 flygingar, og transportert nærare 2 500 pasientar og pårørande frå Ukraina til europeiske land. Noreg har så langt tatt imot 393 pasientar og 234 pårørande.

Abonner på nytt eller oppdatert innhold